Ho vart fødd berre to år etter unionsoppløysinga med Sverige. I går feira Ingeborg Sandvik, eller Ingeborg i Levåg som me gjerne kallar ho her i Fitjar,  101 år.

Om høyrsla ikkje er på topp, og Ingeborg for det meste er sengjeliggjande, er ho fortsett klar i toppen som ein ungdom.

Og songstemme, og minne, har ho enno.

I går song ho heile "Titanic-songen" på 10 vers, utanboks. Og det er berre ein av songane ho kan syngje etter minnet.

Ho synest mellom anna svært mykje om songane til Mathias Orheim og Trygve Bjerkrheim.

Når me spør om ho har hatt eit stritt liv, med mykje arbeid på garden, svarer ho: -Nei, eg har hatt det godt!