Tolvåringane Tina Volden Nordfonn og Elin Heggøy har selt muffins i dag og fått inn over 1000 kr til ein barneheim i Ukraina.

Barneheimen i Bobrinets i Ukraina er eit prosjekt som elevane på barne- og ungdomsarbeidarfaget ved Fitjar vidaregåande skule har arbeidd med dette skuleåret.

I dag var det 12-åringane Tina Volden Nordfonn og Elin Heggøy sin tur til å vera med og støtta prosjektet. Dei hadde baka fleire fat med muffins, som dei freista forbipasserande på Spar-butikken med. Og folk let seg freista; i løpet av tre timar i dag fekk dei inn den nette sum av 1002 kr, fortel ei godt fornøgd Tina Volden Nordfonn.

Og pengane vil sjølvsagt koma godt med i Ukraina, all honnør til unge jenter med initiativ!