Fitjar formannskap gjekk i dag samrøystes inn for å løyve 100 000 kroner til Håkonarspelet. I år vil ein knyte framføringa av spelet til Grunnlovsjubiléet.

Men først må finansieringa på plass. – Vedtaket i dag var eit viktig sted i den samanhengen, seier ein glad leiar i Stiftinga Håkon den Gode – Fitjar, Bjørn Haaland. No håpar han at fylket og det lokale næringslivet vil vere like positive.

Sidan det er Grunnlovsjubileum i år, ønskjer ein vidare å knyte Håkonarspelet til dette.

– Harald Hårfagre samla landet. Håkon den Gode hadde ei viktig rolle i den nasjonale historiske utviklinga gjennom arbeidet for å utvikle lovverk og forsvarsordning. I år vonar me såleis å trekkje linjer frå Håkon den gode si tid og fram til Grunnlova, understrekar Haaland.

Framføring i september
Om alt går etter planen, vil det bli framføring i byrjinga av september. I forkant vil det bli jobba med historie og demokrati som tema på skulane, og ein vonar å få med flest mogeleg born og unge, på flest mogeleg felt, i samband med spelet. Like eins vil ein la alle skulane i Fitjar få sjå spelet som sist vart oppført i 2010.

– Ein vonar òg å få til eit tablå om den historiske utviklinga i Noreg og på Fitjar, frå vikingtida til dagens samfunn. Eit tablå som skal framførast av barn og unge i forkant av spelet.

Andre idear er temakveldar om dette, få ein kjend kapasitet til å opne spelet og å lage eit stort vardebål på Rimsvarden for å understreka den tidlegare forsvarsordninga som var basert på å tenne vardebål langs kysten.