– Påska er høgsesong for båtpuss når over 100 000 båter skal klargjerast for sommaren. Både båteigarar og båthamnene har ansvar for at avfallet vert kasta og sortert rett, understrekar Grønt Punkt Norge, som oppfordrar båtfolket til å bruke miljøstasjonane.

Det er viktig at båteigarar tenkjer på miljøet når dei pusser båt. Både farleg avfall, kjemikaliar og andre materiale frå båtpussen må handterast forsvarleg, slik at hamnene ikkje vert forureina. All emballasje med restinnhald må tømmast skikkeleg før han vert kjeldesortert.

Båtfolket blir meir miljøbevisste  
Reidar Kjelsrud, generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF), meiner at båtfolket er blitt meir miljømedvitne, men oppfordrar likevel alle til å bruke filterduk under båten når dei pussar. På den måten får ein fanga opp avfallet frå båtpussen betre, før ein leverer avfallet på rett plass.

Svein Erik Rødvik, som leiar innsamling- og gjenvinningsavdelinga i Grønt Punkt Norge, er glad for at KNBF jobbar aktivt med god handtering av både av avfallet og emballasjen.span>

– For å gjere sorteringa enklare er det innført nye faremerke på emballasjen. Plastemballasje merkt med helsefare, etsande eller miljøfare kan gå i plastinnsamlinga så lenge han er heilt tom og tørr, mens annan emballasje som til dømes er merkt akutt giftig, gass under trykk, eller eksplosjonsfarleg, framleis må leverast på miljøstasjonar og på avfallsmottak. Er du usikker på kvar du skal levere kva, kan du gå inn på sortere.no og finne svaret der, forklarer Rødvik.