Frå friidrettsgruppa i Fitjar Idrettslag får me opplyst at det blir arrangert 10-kamp i Fitjar Idrettspark i morgon. Stemnet startar kl. 13.00, og utover ettermiddagen vil alle tikampøvingane bli avvikla: 100 m, lengde, kule, høgde, 400 m, 110 m hekk, diskos, stav, spyd og 1500 m. Atså alt på ein dag, ikkje over to som er vanleg, fortel initiativtakar Bård Inge Bø.

Larsen-leikane startar kl. 15.00, og det blir høve til å ta idrettsmerket. Alle som vil vere med på ei eller fleire øvingar, er hjarteleg velkomne, avsluttar Bård Inge Bø.