Førstkomande laurdag vil SPAR Fitjar markere at det er 10 år sidan dei tok i bruk nybygget etter omfattande utbygging.

– På laurdag ynskjer me å markera at det er 10 år sidan SPAR butikken flytta inn i nyebutikken. Me serverer kaffi, kaker, is og saft, seier Odd Sverre Larsen til fitjarposten.no. Sidan innflyttinga har SPAR butikken selt for rundt ½ milliard kroner.

Litt «Larsen-historikk»
Ombygginga i 2002 var ein av fleire ombyggingar sidan Odd Larsen starta handel i Fitjar i 1947. Det var Engevik & Tislevoll AS som hadde jobben med å gjere Larsen eigedom ferdig slik bygget står i dag. Larsen hadde tidlegare kjøpt bakeriet der Henriksen heldt til. Dette vart refundamentert og bygt om, og i dag er det Multihandelen som held til her. 

I den midtre delen av bygninga der daglegvareforretninga tidlegare låg, bygde ein om både første og andre høgda. I første høgda finn ein no MX-sport og utstillingslokale for syklar og anna. I 2. høgda finn me Cafe Annemor og Hårloftet.

Før ein starta utbygginga mot vest, reiv ein det gamle Handelslaget. Her sette ein opp eit nytt bygg som vart integrert med resten av Larsen-bygget. SPAR ligg i dag i første høgda av denne delen.

Arealet mot sjøen var siste del av Larsen-prosjektet. Dei eksisterande kaiane til Larsen og handelslaget vart rivne, og delar av tankanlegget vart fjerna og bygt om. Nokre meter utanfor den gamle kaien kom det ny fyllingskai med mura sjøfront. Dette vart no ein vakker, samanhengjande promenade frå bankområdet til den nye moloen som går ut mot nord. Det nye anlegget stod ferdig i 2008. Området er tilrettelagt for båtfolk, fotgjengarar og som kundeparkering. Det har fått namnet Sjøsio og har vore svært sentralt i Fitjarfestivalen dei siste åra.