Brannsjef Tore Nesbø med oppmoding om å sjå til dei eldre. Arkivfoto.

Torsdag 1. oktober markerer FN Verdas eldredag, og brannsjefane i regionen vår oppmodar oss om å sjå til at alle eldre som me kjenner, lever mest mogleg trygt for brann i heimane sine.

I den samanhengen har brannsjef Tore Nesbø og alle dei andre brannsjefane i regionen sendt oss eit felles brev, som du kan lesa under:

Personar over 70 år har høgare risiko for å omkomme i brann enn resten av befolkninga. Samstundes blir det stadig fleire eldre og dei bur heime lenger enn før. Vi brannsjefar her i vest oppfordrar deg til å gjere det tryggare for dei du er glad i på Verdas eldredag 1. oktober. Gode brannverntiltak reddar nemleg liv, og det er ofte ikkje så mykje som skal til.

Dei gongane vi rykker ut til brannmeldingar hos eldre, er det med hjartet ekstra høgt i halsen. Vi veit at det er ein høgare risiko for at det går frykteleg gale når det brenn heime hos folk som er godt oppi åra.

Brannar med dødeleg utfall oppstår oftast i stova og på soverommet, og den vanlegaste årsaka er open eld, først og fremst røyking. Når ein inkluderer dei brannane og branntilløpa som ikkje har dødeleg utfall, er det komfyren som toppar statistikken.

Sjølv om mange eldre er uforskamma spreke, er det ikkje til å komme bort frå at ein gjerne ikkje er like kvikk i høg alder som i yngre dagar. Når høyrsel og syn blir svekka, er det vanskelegare å oppdage ein brann. Er ein dårleg beins og balansen sviktar, så er det heller ikkje så lett å komme seg raskt ut om det brenn.

Vi har alle eit ansvar for å ta vare på dei eldre rundt oss, og særleg dei som bur aleine, anten det er ein forelder, besteforelder, nabo eller andre vi kjenner. Gjer noko som hjelper! Besøk bestemor di eller den eldre naboen din og sjekk at røykvarslar, komfyrvakt og sløkkjeapparat er på plass og fungerer. Gjer reint filteret i kjøkkenvifta over komfyren. Pass på at gardiner, dukar, aviser og møbler er i god avstand frå varmeomnar og sørg for at rømmingsvegane er ryddige. Rydd også unna lysmansjettar, brannfarlege lysdekorasjonar og ustødige lysestakar – og legg om mogleg til rette for at røyking kan skje utan fare for brann.

Det er forresten ein føresetnad at du ikkje bryt koronareglane når du er på besøk, men vi er viss på at du greier å gjere det på ein smittefri måte. Som ein bonus blir det truleg ei hyggeleg oppleving. Og kanskje er du med på å redde eit liv?

Med branntrygg helsing frå alle brannsjefane i Vest brann- og redningsregion:

Leif Linde (Bergen), Bjørn Olav Paulsen (Øygarden), Torfinn Kongsvik (Tysnes), Atle Josdal (Kvinnherad), David Skjerven (Voss, Eidfjord og Ulvik), Eivind Hovden (Bjørnafjorden), Ove Halleraker (Bømlo), Hans Bjånesøy (Austevoll), Jan Ove Anthun (Stord), Torleif Ones (Kvam), Sigbjørn Kleppe (Odda og Ullensvang), Tony Nyberg (Askøy) og Tore Nesbø (Fitjar)