Måndag kveld måtte Fitjar sine utvalde menn nok ein gong gå tomhendte av banen, då dei tapte 0-3 for eit ungt toarlag frå Stord.

Med tre mål på slutten av kampen sikra Stord 2 seg tre hardt tiltrengte poeng i botnen av 4.-divisjonstabellen. Dermed skaffa dei seg ei solid luke til Fitjar, som no berre har selskap av Bremnes i botnen av tabellen, medan dei andre rykkjer frå.

Dette var ein sekspoengskamp som Fitjar absolutt ikkje burde tapa, og lenge såg det brukbart ut. Første omgang var jamn, utan dei store sjansane for nokon av laga. Men me sat me ei kjensle av at dei unge kvittrøyene frå Stord var litt kvassare enn heimelaget. I andre omgang fekk Fitjar eit lite overtak, og hadde fleire fine tilbod ved lagkaptein Øyvind Fykse Lie og Kjell André Thorland.

Men akkurat då kampen såg ut til å kunna vippa Fitjar sin veg, gjekk Stord opp til 1-0. Og derfrå og inn var dette Stord sin kamp. To mål til blei det før dommaren bles av kampen. Dermed blei resultatet så stygt som 0-3. Og Fitjar-gutane måtte nok ein gong ruska slukøyra og poenglause av banen. Då hjelpte det lite med oppmuntrande ord frå den gamle Stord-kjempa Bjørn Are Njøs, som hadde sett mykje fint spel frå Fitjar si side.

Det mest gledelege i Fitjar Idrettspark denne fine sommarkvelden var gjensynet med Nils Ingard Tislevoll. Han har vore ute med skade i eitt år, men kan bli ein god mann å ha utover i sesongen, som ser ut til å bli ein kamp for å overleva i 4. divisjon. Neste sjanse til poeng blir borte mot botnlaget Bremnes fredag 26. juni.


Øyvind Fykse Lie kjem til skot, men det blei berre nesten for lagkapteinen til Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Stord Fotball 2 0-3 (0-0)
Måndag 22. juni kl. 19.00
Fitjar Idrettspark
Publikum: 130
Dommar: Martin Davitian, Nymark IL

Mål: 0-1 Marius Nitter (72), 0-2 Mads Holm Neset (79), 0-3 Markus Litleskare (90).

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Leif Andre Tangen (Jonas Tislevoll 45), Emil Fitjar, Torbjørn Korsvik, Sander Tverborgvik, Helge Myrmel Træet (Sebastian T. Thomassen 87), Øyvind Fykse Lie, Kjell Andre Thorland, Brynjar Engelsen, Badi Hurasi (Nils Ingard Tislevoll 79), Thomas Vestbøstad Waage.