Fitjar måtte endå ein gong gje i frå seg alle poenga i ein heimekamp i 3. divisjon.     Motstandar denne gongen var Lyngbø, og sjølv om dei spelte bra fotball, hadde Fitjar òg ei rekkje gode sjansar.

Men gutane våre hadde ikkje marginane på si side denne gongen, og klarte ikkje å setje nokon av dei.

Her er Agnar Aarskog sin kommentar:
 
Fitjar slit på fotballbanen for tida, det vil seg ikkje til, og på opplagte sjansar så går ballen ikkje i mål. Dette er vel eit typisk trekk for lag som er i motgong. Dette var tredje tapet med eit mål på dei 3 siste kampane.

Mot Lyngbø fekk ein kalddusj etter berre 5 minutt då forsvaret i Fitjar heilt hang med og Lyngbø kunne scora lett. Lyngbø var best den første halvtimen av omgangen, men etter kvart kom Fitjar til fleire store sjansar, men ballen ville ikkje i mål.

Andre omgang var Fitjar best og viste til dels bra spel, men nærmaste mål ein kom var eit skot i stolpen.

Kampen ebbar så ut med seier for Lyngbø, noko både publikummarar og spelarar syntest var svært urettvist.

Ein jury på tribunen kåra Stian Hatlevik til dagens spelar.

Neste kamp er alt på førstkomande onsdag kl 19.00 mot serieleiar Trio på heimebane.