Skulestruktur og plassering av 7-klassingar frå Sælevik og Øvrebygda var ei hovudsak i kommunestyremøtet tysdag.

Skulesjef John Karsten Raunholm hadde i kommunestyret i går ein engasjert, grundig og god gjennomgang av skulebruksplanen for 2015 – 2018. Det er eit stort dokument som vurderer alle sider av skuledrifta i Fitjar i perioden. Politikarane takka for rapporten og gav gode tilbakemeldingar på den.

Rapporten syner at barnetalet går ned i løpet av planperioden, og det gir seg utslag i mindre tilskot til kommunen. På den bakgrunn var det lagt fram fem framlegg til endringar på skular og klassar:

0-alternativet: Alt som i dag. Må då redusera drift tilsvarande nær 3 lærarstillingar, og dermed sterk reduksjon i delingstimar. Innsparing ca 1,9 mill.

Alternativ 1: Alle elevar på Sælevik skal overførast til Rimbareid. Innsparing ca 3 mill.

Alternativ 2: Alle elevar på Sælevik skal overførast til Øvrebygda. Innsparing ca 2,3 mill.

- Annonse -

Alternativ 3: Øvrebygda vert ein 1 – 4 skule. Elevar på 1 – 4 klasse på Sælevik vert flytta til Øvrebygda. 5 – 7 klasse på Sælevik og Øvrebygda vert flytta til Rimbareid. Innsparing ca 3,5 mill.

Alternativ 4: Alle elevar ved Sælevik og Øvrebygda vert flytta til Rimbareid. Innsparing ca 4,8 mill.

Alternativ 5: 7. klasse frå Øvrebygda og Sælevik vert flytta til Rimbareid. Innsparing 1,25 mill.

Vedtak
Då Utval for oppvekst og omsorg handsama saka, gjorde dei slikt vedtak:

1: Kommunestyret tek planen til vitande.
2. Skulestrukturen i Fitjar kommune vert uendra i planperioden. Ein sentralskule med ungdomstrinn i kommunesenteret og barneskular i Øvrebygda og Sælevik.
3. I samband med budsjettet for 2015 må ein eventuelt vurdera om elevar på 7. klassetrinn ved Øvrebygda og Sælevik skular kan overførast til Rimbareid skule.

Det har vore folkemøte om saka, og den har skapt stort engasjement. Ut frå handsaminga i utvalet skulle ingen skular leggjast ned. Dermed stod kampen om flytting av 7-klassane frå Øvrebygda og Sælevik. Det ville etter mange si meining svekka miljøet ved skulane.

Mange tok del i debatten
Mange hadde ordet i debatten, og fleire heldt fram verdien av å ha 7-klassingane på dei små skulane.

Helga Nøtland Auestad (Krf) meinte at heile skulen stod i fare dersom 7-klassingane vart flytta no. Dagfinn Brekke (Krf) såg framleis nybygging og tilflytting til krinsane som den gode løysinga. Han tok fram att planane om ny veg mot Koløyo og samling i Øvrebygda.
Grete Marit Veka Maraas (Sp) minna om at ein måtte ha is i magen, planperioden er berre 4 år. Når folk flyttar til Fitjar, er det gjerne til Sælevik eller Øvrebygda.  Lars Ove Rimmereid (Sp) meinte også at dei to krinsane har størst vekstpotensiale. Dersom ein tar bort årskull frå krinsskulane vil folk flytta bort.

Framlegg
Etter gruppemøte vart det sett fram tre framlegg som alle hadde med punkt 1 og 2 frå utvalet sitt framlegg.

Vidare var framlegget frå Krf/ Sp slik:
3: Det må i dei årlege budsjetta setjast av nok ressursar til å ha høg kvalitet på det pedagogiske tilbodet ved alle tre skulane.
4: Kommunen må gjennom planar, vedtak og investeringar gjera det attraktivt å etablera og busetja seg i krinsane. Det kan gjelda vegar, bustadtomter, næringsareal, leikeplassar, badeplassar, turstiar og båthamner.
5: For å knyta kommunen nærare saman, og leggja til rette for utvikling, må kommunestyret snarast setja av ressursar til prosjektering av ny veg mellom Sælevik og Øvrebygda. Framlegget fekk 5 røyster.

Frp sette fram følgjande framlegg:
3: Alternativ null i planen vert vedteken. Klasseinndelinga på skulane i krinsane vert uendra. Framlegget fekk 3 røyster.

H og Ap sette fram følgjande:
3: I planperioden kan det verta aktuelt å samla elevane på 7. årstrinn på ein skule, dersom dette vil gje nødvendige innsparingar i høve til årsbudsjett eller av andre grunnar er påkrevd. Slike tiltak må vurderast nøye mellom anna i høve til lovverk og auka skyssutgifter. Framlegget fekk 10 røyster og vart vedteke. 

Med dette vedtaket skal det mykje til for at det vert endringar på krinsskulane i perioden. Det kom også fram i møtet at det er minst fem nye elevar undervegs til Sælevik etter at planen var lagt fram før ferien.

Ingressbilete: Skulesjef John Karsten Raunholm orienterer. Foto: Harald Johan Sandvik

Helga Nøtland Auestad var aktiv i debatten. Foto: Harald Johan Sandvik.