Mandag var det klart for skiftesamlinga etter Kråko Kafedrift AS meldte oppbod i mars.

– Me såg dessverre ingen annen utvei då me ikkje klarar og drive det økonomisk forsvarlig. Dette var ein veldig tung avgjerelse og ta, men nødvendig, fortalde drivarane av den populære bryggekafeen i mars.

Under skiftesamlinga kom det fram at det er komen inn seks krav til buet på til saman 294.695,83 kroner.

Dette skriv Sunnhordland.

Verksemda hadde null kroner på driftskonto, og ein kassakreditt på minus 173.224,39 kroner.

– I konkursavgjerda frå Haugaland og Sunnhordland tingrett kjem det fram at selskapet hadde meldt inn ei gjeld på 972.111 kroner. Den samla verdien av aktiva i selskapet er berekna til rundt 114.000 kroner, fortel Sunnhordland.