Av: Jeanette Onarheim Syversen Gruppeleiar Raudt Vestland

Det er no laga ei sak om skulestrukturen som skal på høyring i Vestland fylkeskommune. Høyringsutkastet frå administrasjonen er omfattande og dessverre nedslåande, og kan summerast opp med orda: kutt og sentralisering.

Om det får politisk fleirtal vil dette få radikale konsekvensar og truar med nedlegging og utradering av fleire distriktsskular og viktige opplæringstilbod frå Fitjar til Høyanger og Måløy.

Etter budsjettprosessen i 2023, er det så vidt eg veit framleis ikkje gjort ein konsekvensutgreiing av effekten på å leggje ned og sentralisere dei ulike opplæringstilboda i distrikta. No må næringslivet, opplæringskontora, idrettslag og fagrørsla komme på bana! Eg peika i Finansutvalet i november i fjor, på behovet for konsekvensutgreiing av kutt i klassar med lav oppfylling i distrikta, fordi eg mistenker at det vil ha stor negativ påverknad for lokalt næringsliv og det vil forsterke fråflyttinga. Svaret frå fylkesdirektøren var: det er pengar å spare på dette. Men er det verkeleg klokt, på lang sikt?

I tillegg til sentralisering, vil det bli mindre reell valfridom for elevar, når nærskulane blir færre og lengre vekke og opplæringstilboda blir kutta. Det administrasjonen foreslår, går dessutan sterkt utover heilt konkrete skular og fagmiljøa tilknytt disse, som no ser seg trua med nedlegging.

La det vere heilt klårt: Raudt Vestland vil ikkje akseptere at ein einaste skule blir nedlagt. Vi kjem ikkje til å akseptere kutt i budsjetta som utraderer det desentraliserte breie opplæringstilbodet. Å ha bredde i vidaregåande skule, kostar, men det er ein verdifull investering, for framtidig kompetanse som både det offentlege og næringslivet treng!

Eg har blitt kontakta frå lokallaga våre i både Kinn, Ullensvang og på Voss, med oppmoding om å kjempe for dei kreative faga så vel som for dei maritime. Den nasjonale smedlinja i Odda og idrettsfaga er trua, og Raudt er bekymra for at ikkje handverksfag og alternativ til studiespesialiserande har høgare status innan skulesektoren. Vi treng sjølvsagt at elevar seinare vel høgare utdanning både fagskule og innan helse, men ingenting er så verdifullt som fagarbeidarar med praktisk erfaring, og vi veit at grunnskulen allereie er altfor teoretisk.

Det kostar pengar å investere i auka gjennomføring i vidaregåande skule, i heile fylket, og det betyr at oppfylte klassar og økonomisk botnlinje, ikkje kan vere det einaste førande prinsippet. Nokre skular har ikkje elevgrunnlag for fulle klassar i alle fag, men det betyr ikkje at ikkje investeringa i ei halv klasse, kan gje samfunnsøkonomisk gevinst!

Dessutan merka eg meg på LO Vestland sin regionkonferanse denne veka at tillitsvalde i fellesforbundet er provoserte over korleis dette kan påverke yrkesfaga negativt, med nedskalering av linjer som TIP og TAF som er kostbare, men særs populære.

Dette er signal eg ta med meg inn i opplæringsutvalet når saka om høyringsutkastet kjem opp onsdag 13. mars. og vi står side om side med lokalsamfunna som vil kjempe for å bevare sitt opplæringstilbod fram mot endeleg vedtak i saka i haust.