Fredag 25. Mai 2018


Eigedomsskatt i Fitjar

Lesarbrev frå Agnar Aarskog, gruppeleiar Fitjar Arbeiderparti.

Bakgrunn: I samband med valet i 2007 vart det danna ein fleirtal koalisjon av Frp, KrF, H og V.  Dette vart gjort for å få ny ordførar, etter 8 år med AP-ordførar.  I samband med etableringa av dette fleirtalstyret vart det også inngått fleire politiske avtalar, m.a. at eigedomsskatt ikkje skulle innførast i valperioden!

Arbeidarpartiet hadde då m.a. hatt ordføraren i 8 år, utan å innføra eigedomsskatt. Dette var eit bevisst val, sjølv om økonomien i periodar har vore verre enn det den er i dag.  I løpet av dei 4 siste åra med AP-styre, hadde kommunen rundt 15 millionar i overskot.

Etter eitt år med koalisjonen, såg ordførar Harald Rydland det naudsynt å innføra eigedomsskatt.  Det vil seia at Frp, KrF, H, og V som no styrer, alt etter eitt år har klart å forverra økonomien for kommunen så mykje, at dei såg det som naudsynt å innføra eigedomsskatt.  (i valkampen året før var det ikkje naudsynt, jamfør deira avtale om å ikkje innføra eigedomsskatt.)

Fitjar AP såg snart at koalisjonen hadde klart å styra økonomien i feil retning, og også AP gjekk med på å innføra eigedomsskatt - me valde å støtta Krf i denne saka.  AP gjekk då inn i eit budsjettforlik med Krf. Diverre valde Krf å ikkje følja opp dette -  alt på eit av dei fyrste kommunestyremøte, var dette forliket gløymt!  Samarbeidet mellom Frp, Krf, H, og V haldt fram som før.

AP har i ettertid innsett at me burde teke styringa på denne saka frå dag 1, men me rekna jo med at Frp, KrF, H, og V, som har fleirtal, ville ta den politiske styringa og ikkje overlata det til m.a. AP, som vart kasta, for at dei ville ha ordføraren. Veljarane må merka seg at ei stemme til H, V og Frp mest truleg gjev KrF- ordførar også til neste val.

Administrasjonen
I  saka om eigedomsskatten har administrasjonen skapt mykje rot for oss politikarar.  Innbyggjarane har ikkje fått god nok informasjon om eigedomskatten.  Rådmannen har heller ikkje følgd dei vedtak som er gjort, jamfør siste kommunestyre , der AP kom med eit framlegg som fekk fleirtal. Ordføraren har eit klart ansvar for å ettersjå at eit fleirtalsvedtak vert følgd opp.  AP såg at det vart lagt opp til å gjera endelege føringar for eigedomsskatten i formannskapet, det vil seia at saka ikkje skulle til kommunestyre, som tidlegare lova.  Her må ordføraren ta styringa og ikkje la administrasjonen bestemma saksgangen i ei så viktig sak.

Kva gjer AP?
Etter drøfting i styret og kommunestyregruppa  vil me fremja slikt framlegg:

  1. Botnfrådraget vert auka frå kr 100.000,00 til kr 500.000,00 (dersom det er mogleg, vil me auka dette berre for bustadhus).
  2. Kvadratmeterprisen vert sett ned frå kr 8.000 til kr 7.000.
  3. Det skal ikkje opprettast nye stillingar i administrasjonen før tidlegast i samband med budsjetthandsaminga for 2010.
  4. Det kan leigast inn ekstern kompetanse/kapasitet til Kommuneplanen.
  5. Finansieringa av mindre inntekt frå eigedomsskatten, skal ikkje gå ut over skule/eldreomsorg.  Kommunen skal nytta auka inntekt frå Regjeringa i samband med revidert budsjett, og mindre forbruk ved å utsetja å tilsetja fleire i administrasjonen.
  6. Eigedomsskatt skal fjernast i Fitjar kommune frå 01.01.10.  Dette forutset at det vert utbygging av vindmøllepark i Fitjarfjellet, og at inntekter frå dette anlegget er begynt å koma.  Dette skal endeleg avgjerast i samband med budsjetthandsaminga for 2010.  Fitjar AP vil streka under at Eigedomsskatten skal fjernast.

AP sitt framlegg vil gi ein gjennomsnittbustad ein skatt for 2009 på omlag kr 2.500,-, medan framlegget frå administrasjonen vil gje ein skatt på omlag kr 5.000,-.  For 2010 vil me fjerna eigedomsskatten i Fitjar kommune.  AP vil fremja framlegg om dette i samband med budsjettet for 2010, men for å klara dette er me avhengig av å få eigedomsskatt frå eit eventuelt vindkraftanlegg.  Dersom det ikkje vert utbygd vindkraft, vil AP vidareføra framlegget om eigedomsskatt på kr 2.500,- i gjennomsnitt for ein bustad.

AP er mest oppteken av å få ned skatten for vanlege bustader i Fitjar, på folkemøtet som Høgre prisverdig tok initiativet til, vart det alt for mykje fokus på m.a. hyttene i Kråko.  Underteikna skjønar hyttefolket sitt engasjement i saka, men Fitjar AP sitt fokus vil vera på alle dei som bur i Fitjar heile året og treng gode tenester av kommunen, samstundes med at kommunen ikkje skattlegg innbyggjarar for mykje.

Dersom me ikkje får fleirtal for vårt framlegg, vil me stemma i mot eigedomsskatt i Fitjar!

Korleis vil me finansierer dette?

  1. AP vil ikkje gå inn for å auka med 3 – 4 stillingar i administrasjonen, slik som KrF og H har vedteke.
  2. AP vil bruka dei auka inntektene frå Regjeringa, som kom i samband med revidert budsjett 2009.

Det har synt seg at Frp, H, Krf og V ikkje klarar å styra Fitjar kommune på ein akseptabel måte, derfor vel no AP og gå inn og ta styringa i denne viktige saka for innbyggjarane i Fitjar!

Fitjar 06.06.09

Agnar Aarskog
Gruppeleiar, Fitjar AP

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...

Flagget til topps for folkeauke!

23.05.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med tommelen opp for folkeauken første kvartal i år. Foto: Kjetil Rydland. Flagget til topps for folkeauke! Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at Fitjar kommune har kome opp...

Les meir ...
annonse

Godvêr og mykje folk på friluftsgudstene…

22.05.2018 Kjetil Rydland

Nærmare 150 menneske samla seg etter kvart i skråninga nord for Kidnavatnet før Fridleif Lydersen sette i gang gudstenesta. Foto: Kjetil Rydland.  Godvêr og mykje folk på friluftsgudstenesta Over 150 soknebarn i alle...

Les meir ...

Glimt frå Handballfestivalen

20.05.2018 Kjetil Rydland

Tolvårslaget ståande bak med trenar Karen Elisabet R. Sæbø t.h. Framme ligg tre jenter frå elleveårslaget. Foto: Kjetil Rydland.  Glimt frå Handballfestivalen Fitjar har hatt seks lag i aktivitet under Handballfestivalen, og...

Les meir ...

Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...
annonse