I samband med bondelaga i Stord, Huglo, Fitjar, Bømlo og Sveio på Stord i dag, har fitjarposten.no motteke eit lesarbrev som du kan lese nedanfor.

 Til høgre-ordførar Liv Kari Eskeland Stord 14.5.14

Kva vil de i Høgre og FrP med landbruket i Sunnhordland?

Etter årets tilbod frå Staten i jordbruksforhandlingane er me som driv landbruk her i området beint fram oppgitte. Me har vanskar med å forstå at de faktisk meiner alvor med det tilbodet som er lagt fram. Det er godt mogleg de kjenner konsekvensane og synest det er greitt med dei endringane de tvingar fram – men det står ikkje i samsvar med det de har lova veljarane dykkar.

Sidan de har regjeringa må me godta at det er de som skal koma med eit tilbod – demokratiet er me ikkje i mot. Men det bør gå an å forventa at de trur på noko av fagkunnskapen til dei som er i næringa. Anten trur de ikkje det me seier – at innteninga er låg og at mange difor må avslutta drifta – og at matproduksjonen dermed går ned. Eller så ynskjer de ikkje at matprodusentar skal ha inntekt på nivå med andre innbyggjarar. Det er rart om de trur matprisane vert mykje høgare dersom bøndene får inntektsvekst på linje med andre. Matprisane er i så liten grad avhengig av pris ut til produsent at det knapt vil merkast for den vanlege forbrukar kva for eksempel ein mjølkeprodusent får betalt pr liter mjølk levert.

Hadde me hatt føresetnader for å effektivisera og utvida drifta for å spara arbeid og kostnader på det nivået regjeringa no legg opp til, hadde me gjort det for lenge sidan. Problemet for oss i Sunnhordland er at geografien set ein stoppar for det. Landskapet er småkupert. Og det regnar mange månader i året. De kunne vore ærlege og innrømt at de ikkje ynskjer landbruksdrift her, at de synest våre produkt er unødvendige på marknaden og at det ikkje er så nøye for dykk om de ser grøne bakkar med beitande dyr eller myr med halvhøg bjørk, bringerbærkratt og, etter kvart som suksesjonen fortset, barskog.

- Annonse -

Me synest overføringar til landbruket er god samfunnsøkonomi. De treng heller ikkje lukka augene for at foredlinga av våre produkt skaper arbeidsplassar i landet vårt. Men de kan vera ærlege og seia at de synest det er betre samfunnsøkonomi å importera mat enn å bruka litt av staten sine pengar på å ta vare på dei verdiane landet faktisk enno har.

Til slutt:
Prøv å forstå dette: Me klagar ikkje fordi me ikkje får oss anna arbeid dersom me må leggja ned. Det er ikkje synd på oss sånn sett. Men me er glade i faget vårt, å bruka naturressursane til å produsera mat er meiningsfullt. Det motsette er meiningslaust, og me har ikkje råd til å la vera å utnytta landet vårt.

Med helsing bondelaga på Stord, Huglo, Fitjar, Bømlo og i Sveio

steroidi legali