Harald den Gode – fire nye år som ordførar i Fitjar!
– Me i Fitjar KrF vil oppmoda Fitjarfolket å gje Harald Rydland fire nye år som ordførar, skriv Johannes Nesse, for styret i Fitjar KrF, i eit lesarbrev.
Fitjar kommune er inne i ei særs god utvikling.
Me er ikkje på ROBEK lista lengre;  Registeret over kommunar som er i økonomisk ubalanse.
Det er auka kapasitet i eldreomsorga, og det har ikkje vore snakk om å leggja ned skular eller skulefritids- ordninga. Kommuneplanen er godt i gang og planlegging av ny skule er komen langt.
På KS, Kommunenes interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon si siste måling der dei måler kvaliteten av tenesteproduksjon i forhold til inntekter, kom Fitjar på 44 plass av 430 kommunar , dette er eit stort hopp opp på lista frå tidlegare målingar  og er ei svært positiv utvikling som viser at kommunen vert styrt av flinke folk . Her vil me rosa ordføraren vår, Harald Rydland, som etter vår meining  har gjort ein framifrå jobb desse  4 åra han har vore i førarsetet.
Han har god kontroll og oversikt når det gjeld økonomi, er samlande, han ser framover,  er ærleg og gjev klar beskjed om han meiner me må setja i gang tiltak.
Harald Rydland er flink til å skaffa  seg nettverk utover kommunegrensa og tek kontakt med aktuelle partar og held trykket oppe når det er saker han jobbar for å få gjennomført, saker som til dømes:
• Storutbygginga i Rossneset . Her har ordføraren teke viktige telefonar og  vore i mange møter med  dei  involverte partar og fylkesmannen. Hardt arbeid har gjeve eit flott resultat.
• 11 nye sjukeheimsplassar er etablert i denne perioden.
• Eigedomsskatt. Ein ansvarleg politikar må også gjennomføra upopulære, men etter vårt syn naudsynte vedtak.
• Tannklinikken i Fitjar hadde me kanskje ikkje fått behalda om ikkje ordføraren hadde pressa på inn mot fylkespolitikarane.
• Ferga i Sandvikvåg.Harald har jobba aktivt for å gjera det tryggare for dei gåande  - samtalar og møter med Fjord1 /Vegvesenet har gjeve resultat. I fylgje Vegvesenet skal ferja snuast denne veka.
• Opprustning av E39 og utbetring  av RV545 Fitjar – Sagvåg.
Harald Rydland tek seg god tid til å lytta til enkeltpersonar. På Cafe Annemor  tek han ein gong i veka imot alle som har noko å seia, anten det er bekymringar, ris eller ros og prøver så langt han kan å hjelpa innbyggjarane. Ein ordførar kan likevel ikkje gjera alle innbyggjarar til lags heile tida (det same kunne sikkert Håkon den Gode bekrefta frå si tid i Fitjar).
Me i Fitjar KrF vil oppmoda Fitjarfolket å gje Harald Rydland fire nye år som ordførar.
For styret i Fitjar KrF
Â
Johannes Nesse
Â



































