annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
MÃ¥ndag 21. mai 2012

Eigedomsskatt, ein nødvendig uting

I eit lesarbrev utfordrar ordførarkandidat for Fitjar KrF, Harald Rydland, Høgre og Frp til å gje svar på nokre spørsmål om eigedomsskatten.

Harald Rydland Publisert: fredag 02. september 2011

Ved inngangen til denne kommunestyreperioden opplevde kommunenoreg eit historisk oppsving i økonomien.  Den første raudgrøne regjeringa lova å satsa stort på  kommunane, noko som gjorde at kommunane leverte rekordoverskot i 2006 og 2007.  Alt i 2008  stramma staten til, sjølv om kommunane hadde fått ansvar for store oppgåver og tunge reformprosessar.  Stortinget hadde lova veljarane at skattenivået frå 2004 skulle liggja fast, og sende utfordringa med å finna pengar over til kommunane.  Eit grep som Stortinget nytta seg av, var å endra lova om eigedomsskatt slik at det vart enklare for kommunane å innføra denne upopulære skatten.

Fitjar og svært mange andre kommunar fekk problem med å få endane til å møtast etter å ha havna i dette uføret.  Fleirtalet i Fitjar kommunestyre fann ikkje anna utveg enn å innføra eigedomsskatt.  Det same har kommunestyra i dei fleste av nabokommunane våre valgt å gjera.

Innføringa av eigedomsskatt har vore ei vanskeleg sak for kommunestyret denne perioden.  Trøysta får vera at me ved hjelp av desse inntektene har fått på plass fleire heilt nødvendige tiltak.  Me har teke i bruk 11 sårt tiltrengte sjukeheimsplassar og betalt ned alt av gamalt underskot slik at me kom oss ut av ROBEK.  På same tid har me halde oppe den gode kvaliteten i skulen.  Det kan og vera verd å nemna at me ikkje har stengt symjebassenget eller sløkt vegljosa i kommunen.

No skal det veljast nytt kommunestyre som skal ta ansvar for velferdstilbodet til Fitjarfolket dei neste fire åra.  Me kan gle oss over at partia som stiller til val i Fitjar stort sett er samde om kva som er dei viktigaste sakene å arbeida for i perioden.  Det ligg ikkje an til dei store konfliktane.

Me ser likevel at det går eitt skilje. Høgre og FrP har sett som eitt av sine høgaste mål at dei vil fjerna eigedomsskatten i løpet av perioden.  På same tid vil dei byggja ny skule og sikra ei eldreomsorg med god kvalitet.  Sjølv om me i KrF likar eigedomsskatten like dårleg som dei fleste andre, har me lært såpass denne perioden at me vil vera svært varsame med å lova veljarane noko me meiner det er urealistisk å oppnå. Kommunen må ikkje havna i økonomisk uføre att.

Det ser ikkje ut for at kommunane kan venta meir overføringar frå staten. Kor store inntekter Fitjar kommune kan få frå  vindkraft er framleis usikkert, og me må difor planlegga utfrå dei inntektene me har i dag.  Me har i det siste fått pålitelege stadfestingar på at Fitjar kommune driv effektivt og får mykje gode tenester ut av pengane.

Me i KrF vil gjerne utfordra  Høgre og FrP til å gje svar på følgande spørsmål:

Dersom det viser seg at det i perioden ikkje let seg gjera å både fjerna eigedomsskatten, byggja ny skule på Rimbareid, sikra god kvalitet i eldreomsorga og  ha ein tilfredstillande kommuneøkonomi; vil Høgre og FrP då likevel ha som høgste prioritet å fjerna eigdomsskatten?

Harald Rydland,

ordførarkandidat for Fitjar KrF

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
1457.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse