annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Måndag 21. mai 2012
Sonja-souschef fekk bok av oss som takk! (Flott fotobok av Jan Rabben frå Stord og Fitjar)
Sonja-souschef fekk bok av oss som takk! (Flott fotobok av Jan Rabben frå Stord og Fitjar)
Sonja-souschef fekk bok av oss som takk! (Flott fotobok av Jan Rabben frå Stord og Fitjar)

Personaltur til København

Her er eit reisebrev frå Fjellheim Friluftsbarnehage sin studie- teambuildingstur til København.

Anne Karin Nilsen Publisert: onsdag 06. april 2011

Uteområdet på Hudegården Uteområdet på Hudegården
Maleriet kunst og male bod på Hudegården Maleriet kunst og male bod på Hudegården
Hudegaarden. Hudegaarden.
Snekkerboda på Hudegaarden. Snekkerboda på Hudegaarden.
Skovbørnehaven. Skovbørnehaven.
Rutsjebanen i Skovbørnehaven. Rutsjebanen i Skovbørnehaven.
Mange av uteleikene var laga av ein av dei mannlege tilsette som var speidar. Mange av uteleikene var laga av ein av dei mannlege tilsette som var speidar.
Søndagstur til Nyhav. Søndagstur til Nyhav.
Søndagstur til Nyhav. Søndagstur til Nyhav.
Søndagstur- Rosenborg slott (Kongens hage) Søndagstur- Rosenborg slott (Kongens hage)

Fjellheim Friluftsbarnehage sine ti tilsette reiste til København 17. til 20. mars på studie- og teambuildingstur. Reisa vart finansiert med midlar frå Fitjar kommune (frå fjorårets budsjett) og med oppsparte midlar frå barnehagen.

Me ankom København torsdag kveld i tett snøvêr.

Fredags morgon hadde me avtala å møta opp på Nørrebro klokka 8.15 for å fylgja bussen til Hudegaarden udflytterbørnehave i Jerse, 45 min. bussreise på motorveg.

Alle barn og tilsette møtte opp på Nørrebro for så å bli køyrt til barnehagen kvar dag.

På bussen starta dagen for barna. Med opprop, litt informasjon om kva som skulle føregå den aktuelle dagen, og historielesing over bussen sitt høgtalaranlegg.

Vel framme i Hudegaarden gjekk barna i gang med leiken på uteområdet til barnehagen. Tanken med ein udflytterbørnehave er at barna skal få komme ut av byen og at dei skal få leike utendørs i landlige omgjevnader. Uteområdet var ikkje særleg stort, men dei kunne gå til ei lita "eng" i nærleiken som dei hadde saman med to andre "udflytterbørnehaver".

Barnehagen har hus, men er lite innandørs. Skulle dei gå tur måtte dei ta den lokale bussen, for det var ikkje turområde i nærleiken av barnehagen.

Me opplevde nok at me er heldige som har så flott og variert tur- og uteområde i vår barnehage.

Sidan Hudegaarden satsa alt på leik på uteområdet sitt, hadde dei ulike bodar med ulikt innhald. Ei snekkerbod, ei male- og kunst bod, ei bod med hagereiskap til dei som ville laga grønsakhage, ei bod med muligheit for å leike med lego og perler, og ei bod med ved til grua dei hadde.

Etter lunsj drog me med taxi til "Skovbørnehagen" til Søtorp Børneinstitusjon. Heile barnehagen bestod av 154 barn fordelt på tre småbarnsavdelingar,  tre 3-5 års avdelingar og ei skoggruppe.

Skovgruppa haldt til i flotte omgjevnader, i ei gammal speidarhytte som dei hadde leigt i 18 år. Inne var det ingen ting som minna om barnehage, berre eit stort bord og stolar og garderobe med knaggar til alle ungane. (Dei vaska faktisk opp koppane etter maten for hand). Innandørs åt dei nista si og brukte toalettet.

Uteområdet var flott, variert, kupert og stort. Marie, pedagogisk leiar, tok i mot oss og viste oss rundt. Dei hadde mange flotte “heimelaga” leikeapparat og ein lang og bratt rutsjebane som mest sannsynleg aldri hadde blitt godkjend i Norge, men der ungane storkosa seg.

Me avrunda fredagen med felles lunsj i København for alle blide og kjekke damer i Fjellheim Friluftsbarnehage. Laurdag og søndag vart nytta til teambuilding, sightseeing og shopping for dei som ynskte det. Ein flott og innhaldsrik tur!

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar Såpekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
Hårloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
4355.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
Gåvekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse