annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
MÃ¥ndag 21. mai 2012
Marknadsplassen I Krakòw er fylt med stolar før den historiske hendinga i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt
Marknadsplassen I Krakòw er fylt med stolar før den historiske hendinga i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt
Marknadsplassen I Krakòw er fylt med stolar før den historiske hendinga i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt

Kraków klar for gravferda

Dei siste dagane har Kraków stått på hovudet. No er alt klart for gravferda i morgon.

Håkon C. Hartvedt Publisert: lørdag 17. april 2010

Lenge var det ein diskusjon om Leck Kaczynski skulle gravleggjast i katedralen på Wawel-høgda i Kraków i òg med at det tradisjonelt berre er kongar som er gravlagde der. Men no blir det slik.

Etter seremonien i Mariakyrkja ved hovudtorget, eller Marknadsplassen om du vil, vert sakrofagen ført til Wawel. I dag var det fullt liv i Grodzka-gata som fører dit. Bannere vart hengde opp, blomar kom på plass og det vrimla av folk i gata.

Ved Mariakyrkja og Marknadsplassen elles, kom òg storskjermane på plass. TV-team stilte bilete og lyd, og kor og orkester øva. Det vart òg, etter dei opplysningane med har fått, heldt ei messe på plassen i kveld.

I det heile eit kjempesvært opplegg. Eit opplegg me ei stund trudde me skulle få med oss.

Nrk 1 sender direkte frå gravferda i Mariakyrkja i Kraków kl. 14.00 i morgon. Då har me, etter ny melding seint i kveld, sett kursen mot Fitjar att, med buss. Men noko av det du ser på bileta under, vil nok bli vist på TV-sendinga i morgon.

Kor mange statsleiarar som kjem er enno uvisst. Me ser det heile frå ein turist sin ståstad. Så får TV syna oss resten.

--

Ei spesiell oppleving har det uansett vore å vera til stades mellom alt som har gått føre seg i Kraków desse dagane. Den største turistopplevinga fekk me nok likevel i saltgruvene i Wieliczka. Heilt fantastisk! Og me som i utgangspunktet tenkte å kutte ut akkurat den attraksjonen?!! Men det er ei anna historie...

Mykje ros til Nytt og Nyttig er på plass til slutt. Guidane med Rikke i spissen har gjeve god informasjon og stelt svært bra med oss dei ekstra dagane me har måtte vera her, og bussoplegget tilbake verkar bra.

– Godt jobba, seier me, og trur det er ei nokså samstemt oppfatning mellom turdeltakarane på denne Kraków-turen. Ein tur som vart lenger enn nokon kunne tenkje på førehand...

Bannere

Bannere vart hengt opp. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt

Bannera på plass, Grodzka stengt av for bilar og det vrimlar av folk i gata. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mariakyrkja der seremonien, som vert sendt direkte på Nrk, finn stad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Katedralen på Wawel-høgda der sakrofagen vert plassert. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tadewro Poplowski kan stå som representant for kva den jamne polakk og krakówianar sitt engasjement i alt som har skjedd dei siste dagane. Då me fortalte han at me tok bilete for ei norsk avis (om aldri så lita) vart han rett og slett rørt og riste handa vår inderleg. Foto: Håkon C. Hartvedt

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
7370.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse