Fitjar er rik på kulturtradisjonar innan kunst og handverk, revy, historie og musikk.

Kunst og handverk Fitjar er kjent for den rike kunst og handverkstradisjonen sin. Mest kjent er nok Berta Liarbø for oppstadveven, noko som har ført til mykje fortent presseomtale, vitjing av dronning Sonja og film. Seinare har òg Hilma Lønning og Heidi Liarbø teke opp oppstadvevtradisjonen.

Kari Ivarsøy er velkjent for spesielle strikkemønstre, biletvev og genserproduksjon. Designaren Jørund Fjøsne er ein anerkjent kunstnar som mellom anna har utvikla «Fitjarsølvet»,og som i vår stod i spissen for eit svært spennande papirprosjekt. Leif Hedmann sine karakteristiske skulpturar er også kjend ut over Fitjar sine grenser. Alma Kjærland er ein allsidig kunstnar som har jobba med akvarell, olje- og akrylmåling. Ho lagar arbeid i glas, keramikk med meir. Kunstnaren Bjørg Strømme er blitt godt kjent for sine akvarellar og oljemåleri, og har hatt utstillingar på fleire plassar i området.

Sommarrevyen i Fitjar er etter kvart blitt eit omgrep. Folk strøymer til «Fitjarrevyen» frå store delar av fylket. Under revyfestivalen for Vestlandet sist haust, fekk òg lokale utøvarar prisar, og nokre av dei gjekk vidare til revyfestivaken på Høylandet i 2009.

Fitjar har eit rikt musikkliv med Kulturskule, barnegospel, Tensing, mannskor, korps – og gode solistar både vokalt og instrumentalt. Fitjarmusikaren Irene Simonsen er ein svært dyktig pianist, og ein glimrande akkompagnatør. Ho har halde konsertar fleire plassar på Vestlandet, og nyleg også i USA. Ho opptrer både åleine, og som akkompagnatør for andre kunstnarar.

 

Fitjar Musikklag. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

- Annonse -

Håkonarspelet «Kongen med gullhjelmen» er eit historisk spel om kong Håkon den gode, som fekk banesåret sitt her på Fitjar. Neste framføring vert i 2010.

 

Frå Håkonarspelet. Foto: Håkon C. Hartvedt
Frå Håkonarspelet. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

9. september 2006 var det storstilt opning av ny kultursal i Fitjar Kultur- og idrettsbygg. Salen er mykje brukt både som konsertsal for kjende nasjonale artistar, og for meir lokale arrangement. Annankvar veke kan du også gå på kino her.