Sundag 25. Juni 2017


Ein av kunstnarane i det store kunstprosjektet Five thousand generations of birds har funne ut at sentrum i Fitjar ligg på Valberget ovanfor byggjefeltet på Vestbøstad.

Det er den franske kunstnaren Julien Berthier som har funne senteret av Fitjar, og han vil flytta dette senteret ut til holmen han har fått tildelt i kunstprosjektet i Fitjarøyane. Torsdag føremiddag fekk han med seg ordføraren i Fitjar, Wenche Tislevoll, opp på Valberget for å markera heilt nøyaktig kor sentrum i Fitjar kommune ligg.

Måten han er funne dette ut på, er ganske fiffig. Han har festa kartet over Fitjar på ei trefiberplate som han har skore ut etter kartet over kommunen vår. Så har han funne balansepunktet ved å leggja plata oppå spissen av ein pinne. Dette skal vera ein  metode som også har blitt brukt i andre samanhenger, fortel pressesjef i kustprosjektet, Kjersti Solbakken, visst nok blant anna for å finna midtpunktet av USA. Etter at han fann balansepunktet, tok han fram GPS-en og gjekk opp på Valberget, der han fann punktet heilt nøyaktig ute i terrenget.

Sentrum av Fitjar viste seg altså å liggja på Valberget, i lauvskogen ovanfor byggjefeltet på Vestbøstad. Ordførar Wenche Tislevoll var sporty og stilte opp for å setja på plass merket som den franske kunstnaren har laga i verkstaden til den lokale kunstnaren vår, Leif Hedmann. Julien Berthier fortel at han vil ta med seg eit område på rundt fire meter i diameter ut til holmen ved Kalvaneset ute i Fitjarøyane. Overflata av dette området vil han spa opp i ein kasse som Leif Hedmann skal hjelpa han å laga. Og så vil dei få eit helikopter til å flytta kassen frå Valberget ut på holmen til franskmannen.

Me som har vakse opp med Fitjarsjøen som sentrum, veit om eit par andre plassar som har vore å rekna for sentrum i Fitjar. Det første kommunestyremøtet i Fitjar kommune blei halde i Færøysund for 152 år sidan, og den første dampskipsstoppestaden i Fitjar var Engesund i 1872. Men at det skulle bli oppdaga eit nytt sentrum i år, kom som ei overrasking. Me lyt følgja med på det store kunstprosjektet Five housand generations of birds, og sjå om det dukkar opp fleire overraskingar.



Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Våt feiring på Longøyo

24.06.2017 Kjetil Rydland

Her er alle frammøtte på Longøyo i går kveld, med unnatak av fotograf Bård Inge Bø. Våt feiring på Longøyo Berre dei aller beste venene av Longøyo trassa vêret og feira jonsok...

Les meir ...

NFU skryt over Gartnertunet

23.06.2017 Håkon C. Hartvedt

NFU skryt over Gartnertunet Fitjar kommune får skryt frå NFU (Norsk forbund for utviklingshemma) for utbygginga av Gartnertunet. 

Les meir ...

Selevik-elevar på uteskule

23.06.2017 Kjetil Rydland

På idylliske Bergatjødno; Natalie Jespersen Lyngbø, Maya Groot Hjøllo og Thomas Seddon Skogheim ved sverdliljene. Foto: Kjetil Rydland. Selevik-elevar på uteskule Onsdag denne veka hadde elevane ved Selevik skule siste økta med uteskule...

Les meir ...
annonse

Avslutta med klar siger over Askøy!

22.06.2017 Kjetil Rydland

Endeleg scoring igjen for Marius H. Storebø mot Askøy. Arkivfoto Fitjarposten / Kjetil Rydland.  Avslutta med klar siger over Askøy! A-laget til Fitjar avslutta ein mager vårsesong med siger 3-0 over Askøy på...

Les meir ...

Aktuelle informasjonar frå ordføraren

22.06.2017 Harald Johan Sandvik

Ordførar Wenche Tislevoll orienterer. Foto: Harald Johan Sandvik. Aktuelle informasjonar frå ordføraren På slutten av kommunestyremøtet i går informerte ordførar Wenche Tislevoll, H, om aktuelle saker ho jobbar med.

Les meir ...

Spørsmål om adresseprosjektet

22.06.2017 Harald Johan Sandvik

Sigurd André Maraas. Foto: Harald Johan Sandvik. Spørsmål om adresseprosjektet Kvifor har ikkje alle fått adresse?

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Fotballjentene puljevinnarar!

24.06.2017 Kjetil Rydland

Glade puljevinnarar med trenarane Terje Nordbustad og Karsten Vestbøstad. Foto: Helga Rimmereid.  Fotballjentene puljevinnarar! Fotballjentene til Fitjar i 17-årsklassen har vunne puljen sin i 3. divisjon etter sju strake sigrar. 

Les meir ...