annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Spikra opplegget for VM i bilcross og rallycross
Representantar frå NMK Vikedal og NMK Bergen samla på Rydland for å planleggja årets VM-sesong. Foto: Kjetil Rydland.
Representantar frå NMK Vikedal og NMK Bergen samla på Rydland for å planleggja årets VM-sesong. Foto: Kjetil Rydland.

Spikra opplegget for VM i bilcross og rallycross

Representantar frå dei to store bilsportklubbane i området vårt har vore samla i Fitjar og fastsett opplegget for årets vestlandsmeisterskap i bilcross og rallycross.

Kjetil Rydland Publisert: søndag 05. februar 2012

Sigurd A. Maraas t.v. er sekretariat for årets vestlandsmeisterskap. Foto: Kjetil Rydland. Sigurd A. Maraas t.v. er sekretariat for årets vestlandsmeisterskap. Foto: Kjetil Rydland.

Planleggingsmøtet fann stad i klubblokalet til Fitjar Racing Team hos Ole Vidar Helland på Rydland. Her møttest representantar for dei to store motorsportklubbane NMK Vikedal og NMK Bergen. Det er desse to klubbane som har ansvaret for avviklinga av vestlandsmeisterskapen i bilsport. I år et 16. året på rad dei arrangerer meisterskapen, etter oppstarten i 1997, og årets meisterskp vil bli avvikla etter same leisten som tidlegare år. Dermed skal det ikkje vera nye reglar som deltakarane må setja seg inn i. 

Med på dagens møte var Svein Erik Østbø, NMK Vikedal, rekneskapsansvarleg i VM, Kåre Bilsbak, NMK Bergen, Tore Rønneberg, NMK Bergen, webmaster, Knut Endre Ringhagen, NMK Vikedal, ansvar for samkjøring av løpa, Ingvar Auestad, NMK Vikedal, Sigurd André Maraas, sekretariat for vestlandsmeisterskapen, og sist men ikkje minst, mentor Ole Vidar Helland. 

I dag bestemte desse representantane kva for løp som inngår i vestlandsmeisterskapen 2012. Sjølve løpa er det dei respektive klubbane som står for, med eitt unnatak er det anten NMK Bergen eller NMK Vikedal som arrangerer løpa. Unnataket er finalen i rallycross, som blir arrangert av NMK Sandnes & Jæren i september. Meisterskapen er open for førarar som har gyldig lisens for hastighetsløp, og det krevst ikkje spesiell påmelding til vestlandsmeisterskapen. Er ein deltakar i eitt av løpa i meisterskapen, er ein automatisk med.

Følgende løp inngår i rallycrossmeisterskapen: 
1. 14. april i Bergen
2. 21. april i Vikedal
3. 25. august i Vikedal (bakkeløp)
4. 26. august i Vikedal
5. 8. september i Bergen
6. 23. september i Jærhagen (bakkeløp)

Terminlista for bilcross ser slik ut:
1.   14. april i Bergen
2.   22. april i Vikedal
3.   2.-3. juni i Vikedal
4.   16.-17. juni i Bergen
5.   26. august i Vikedal
6.   8 .september i Bergen
7.   21. oktober i Vikedal

Sekretariat for årets vestlandsmeisterskap er Sigurd André Maraas i Fitjar. Han er førarkontakt og svarer på ulike spørsmål frå deltakarane, på telefon 90 50 15 41 eller epost: post@vestlandsmesterskapet.no.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6012.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai