annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Ny solid kamp og siger for handballgutane
Fredrik Skjerve Jensen liker ikkje frimerke, men denne gongen greidde han å riva seg laus. Foto: Kjetil Rydland.
Fredrik Skjerve Jensen liker ikkje frimerke, men denne gongen greidde han å riva seg laus. Foto: Kjetil Rydland.

Ny solid kamp og siger for handballgutane

Fitjar IL sitt gutelag vann søndagens seriekamp 24-18 mot Kjøkkelvik 2, etter ein solid andre omgang.

Kjetil Rydland Publisert: søndag 05. februar 2012

Joachim Vestbøstad scorar for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Joachim Vestbøstad scorar for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.
Vegard Hareide, som vanleg blant dei beste på banen. Foto: Kjetil Rydland. Vegard Hareide, som vanleg blant dei beste på banen. Foto: Kjetil Rydland.

Laga følgde kvarandre som skuggar heile første omgang, med bortelaget eitt eller to mål framfor. Heilt til det var att tre-fire minutt av omgangen. Men Fitjar nytta sluttminuttane til å snu 9-11 til 12-11, som blei pauseresultatet.

Derfrå og inn gav dei ikkje frå seg leiinga i kampen. Etter kvart seig dei litt frå motstandarane sine.
Og då den gode Fitjar-keeperen Ingvar Rafdal redda straffekast på stillinga 22-17, var kampen avgjort. Fitjar hadde full kontroll i sluttminutta, og kunne notera ein komfortalbel siger 24-18.

Som vanleg spela toppscorar Fredrik Skjerve Jensen (10 mål) ein god kamp for Fitjar. Også denne gongen fekk han frimerke, men denne gongen gjekk han ut på vingen og inn på strek. Dermed klarte ikkje motstandarane å ta han ut av kampen, slik me såg i sist kamp. Elles markerte både keeper Ingvar Rafdal, Joachim Vestbøstad og Vegard Hareide seg positivt,

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Ingvar Rafdal (keeper)
Brynjar Skår Bergesen (keeper)
Vegard Hareide (5)
Emil Fitjar (2)
Eirik Larsen (1)
Adrian Torvund (1)
Joachim Vestbøstad (3)
Fredrik Skjerve Jensen (10)
Jan Salamon Hopperstad (2)

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
3381.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai