annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Storsiger til handballdamene
Den blide dommaren Johannes Sæhle har eitkvart viktig å fortelja dagens toppscorar, Cathrine Haga. Foto: Kjetil Rydland.
Den blide dommaren Johannes Sæhle har eitkvart viktig å fortelja dagens toppscorar, Cathrine Haga. Foto: Kjetil Rydland.

Storsiger til handballdamene

Handballdamene til Fitjar IL vann 5.-divisjonskampen søndag ettermiddag med utklassingssifra 47-27.

Kjetil Rydland Publisert: søndag 05. februar 2012

Strekspelar Hildegunn Dyrkolbotn miste ikkje humøret etter å ha sleppt 47 mål inn i Lyngbø-buret. Foto: Kjetil Rydland. Strekspelar Hildegunn Dyrkolbotn miste ikkje humøret etter å ha sleppt 47 mål inn i Lyngbø-buret. Foto: Kjetil Rydland.

Motstandarane Lyngbø heldt brukbart følgje til midt i første omgang. Etter vel åtte minutts spel var dei endå til oppe i leiinga 8-7, men etter kvart blei det veldig vanskeleg for dei blide gjestene frå Bergen. Kristine Korsvik i Fitjar-målet begynte å få tak på skota deira, og heimelaget scora jamt og trutt, slik at det stod 26-15 ved pause.

Andre omgang heldt fram i same sporet, og heimelaget utklassa motstandarane sine. Men gjestene skal ha ros for at dei ikkje tapte humøret, sjølv om det etter kvart gjekk opp for dei kva veg det bar. Keeper Hildegunn Dyrkolbotn fortel til Fitjarposten at ho til vanleg er strekspelar. Ho gjorde sitt beste og gjekk gong på gong ut i feltet for å gjera målet mindre. Men det hjelpte så lite, sjølv om heimelaget sine spelarar ikkje nytta høvet til å lobba over henne.

Best på gjestene sitt lag var hardtskytande Marianne Holmen med 13 mål. På eit jamt godt heimelag må me trekkja fram Cathrine Haga, som scora heile 19 mål!

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Kristine Korsvik (kkeper)
Miriam Almås (5)
Maria Larsen (1)
Maren Odland (1)
Marita Westerlund (10)
Martha Pedersen (3)
Ingvild Rimmereid (3)
Maj R. Engevik
Kristin T. Dahl (2)
Cathrine Haga (19)
Ingvild Kannelønning (3)

Dommararane Johannes Sæhle og Håkon Tverborgvik hadde som vanleg god kontroll på kampen.

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
3118.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai