annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Sur kjerring
Surt ved Kjerringo. Foto: John K. Raunholm.
Surt ved Kjerringo. Foto: John K. Raunholm.

Sur kjerring

I dag viste Kjerringo seg fram frå ei heller sur side. Snøfokk og kraftig vind gjorde det heile rimeleg surt.

John Karsten Raunholm Publisert: søndag 05. februar 2012

Sterk vind og snøfokk ved Kvednavatnet. Foto: John K. Raunholm. Sterk vind og snøfokk ved Kvednavatnet. Foto: John K. Raunholm.
I lia ovanfor Kvednavatnet var det ly for veret. Foto: Gunnar Mehammer. I lia ovanfor Kvednavatnet var det ly for veret. Foto: Gunnar Mehammer.

Kjekt var det likevel å få oppleva naturen på denne måten. Frå Vistviki og opp til "kanten", nedanfor myrane ved Kvednavatnet gjekk det fint å gå. Noko laussnø til knea sume stader saman med ei og anna kulingbye. Vidare oppover måtte me ta på alpinbriller og Buff.

Snøfokket piska huda såpass kraftig at det var ubehageleg. Det bles slik at me måtte stoppa opp og konsentrera oss om å stå oppreist på dei mest utsette plassane. Snøen fauk i låg høgde over Kvednavatnet. Nokre stader var stien heilt fin å gå på der snøen bles vekk. Snakk om noko skiføre er det ikkje. På toppane er det meste blåse i fonner.

Vidar innover mot Kjerringo var det hard motvind som verkeleg merkast. Ein blei fort iskald på fingarane etter å ha skrive namna i protokollen. Berre 1 person hadde trassa veret tidlegare på dagen. Best å koma seg heim att. Med vinden i ryggen gjekk det mykje betre. Kjekt å snu ein typisk innedag til ein utedag.

Vinterhelsingar frå Gunnar Mehammer og John Karsten Raunholm

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6112.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai