annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Forar opp kje til slakt
Killingane på Rydland har så smått begynt å smaka på siloforet. Foto: Kjetil Rydland.
Killingane på Rydland har så smått begynt å smaka på siloforet. Foto: Kjetil Rydland.

Forar opp kje til slakt

Fitjarposten har vore og helst på 39 søte kje i gamlefloren til Lars J. Rydland.

Kjetil Rydland Publisert: lørdag 04. februar 2012

Lars synest det er stas med kje. Foto: Kjetil Rydland. Lars synest det er stas med kje. Foto: Kjetil Rydland.
Elisabet med mjølkebølandinga. Foto: Kjetil Rydland. Elisabet med mjølkebølandinga. Foto: Kjetil Rydland.
Harald og Elisabet kappast om å røra rundt i mjølkeblandinga. Foto: Kjetil Rydland. Harald og Elisabet kappast om å røra rundt i mjølkeblandinga. Foto: Kjetil Rydland.

Dei var frå fire til sju dagar gamle for to veker sidan då veterinær Karen E. Rydland Sæbø var i Kvinnherad og henta dei. Då hadde dei gått med mødrene sine i fire til sju dagar sidan fødselen, i motsetnad til geitene ho flaska opp for to år sidan. Den gongen hadde kjea blitt "snappa" frå mødrene sine med ein gong dei kom til verda. Det er ein krevjande jobb som er nødvendig av og til for å unngå å overføra sjukdom til avkommet. Geiter er relativt utsette for sjukdom.

Desse kjea ser ut til å vera kjernesunne på alle måtar, sjølv om dei har gått med mødrene sine nokre dagar. Denne gongen satsar ikkje Karen Elisabet og Håkon på surmjølk, slik dei gjorde sist dei hadde kje, men "morsmjølkerstatninga" Sprayfo. Eit for som er laga i Nederland av mjølkeråvarer levert frå Tine i Noreg. Forstå det den som kan. Men uansett så ser det ut til at kjea har godt av foret sitt, for dei ser sunne og trivelege ut. I tillegg til mjølkeblandinga får dei kraftfor og silofor.

Dei fleste er bukkar, som elles hadde blitt til kråkemat straks etter fødselen. Det er berre nokre få geitekillingar i flokken. Dei har jo alltid ein viss sjanse til å bli sette på; det er verre med framtidsutsiktene om du er eit bukkekje. I gamlefloren til Lars Rydland skal dei bu i 8 veker, til dei blir leverte til slakt hos Nortura. Då vil dei vera 10-12 kilo tunge, levande vekt, og slaktevekta blir vel 5 kilo. Geitene på Rydland får altså ikkje noko langt liv, om to månader er dei slakta. Men dei dystre framtidsutsiktene ser ikkje ut til å dempa livsgleda.

Karen Elisabet Sæbø Rydland fortel at ho på denne måten ønskjer utnytta ein ressurs som elles går til spille, når nyfødde kje straks blir kasserte. I tillegg til ressursutnytting ser det og ut til å vera ein fin måte å læra ungane å stella dyr. Dei kappast om å vera med å fora, og rører med stor iver rundt i mjølkeblandinga. Dei ser og ut til å ha forsont seg med at killingane ikkje har noko langt liv i vente. 


AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
skandiaker_6.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai