Mariann Vestbøstad Marthinsen. Arkivfoto frå VM
Mariann Vestbøstad Marthinsen. Arkivfoto frå VM
Ny siger til Mariann
Mariann Vestbøstad Marthinsen gjekk inn til ein ny siger i verdscup-rennet i USA i går.
Helga Rimmereid
Publisert:
tirsdag 31. januar 2012
Den sterke og raske fitjarjenta gjekk i mål på tida 19.19,2, over eit minutt før nummer to Anja Wicker frå Tyskland, under gårsdagens fem kilometer fri for sittande under verdscuprennet for funksjonshemma i Cable.
Torsdag sist veke opna Mariann cupen med å vinna overlegent 12 kilometer klassisk. No reiser Mariann og resten av landslaget til Minneapolis for å gå nye løp der.
Du kan lesa meir om verdscup-sigeren på skiforbundet si heimside her.



































