annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
MÃ¥ndag 21. mai 2012
Fitjar gutar 15 spelte godt i forsvar og hadde ein svært stødig keeper i Ingvar Rafdal.
Fitjar gutar 15 spelte godt i forsvar og hadde ein svært stødig keeper i Ingvar Rafdal.
Fitjar gutar 15 spelte godt i forsvar og hadde ein svært stødig keeper i Ingvar Rafdal.

God fitjarhandball

Med gledeleg mykje folk på tribunen spelte jenter 15 år ein jamn kamp mot Sotra før gutar 15 år møtte Fana i ein svært spanande kamp som ufortent enda uavgjort.

Helga Rimmereid Publisert: søndag 29. januar 2012

Marie Ervik scora tre mål for Fitjar sitt jenter 15-lag. Marie Ervik scora tre mål for Fitjar sitt jenter 15-lag.
Keeper Solveig L. Fitjar hadde fleire gode redningar. Keeper Solveig L. Fitjar hadde fleire gode redningar.
Godt forsøk av Eirik Larsen men det vart ikkje mål denne gongen. Godt forsøk av Eirik Larsen men det vart ikkje mål denne gongen.
Aadne Nesbø scora for Fitjar. Aadne Nesbø scora for Fitjar.

Jentene som sist helg gjekk på eit stort nederlag i kampen mot Åsane, stod fram som jamgode med Sotra-jentene, men låg likevel heile tida litt under. Til pause var stillinga 6-9. Med friskt mot halte dei innpå motstandarane i andre omgang, og etter 12 minutt og scoring ved den yngste på laget, Katrine Hatlevik, tok dei motstandarane att, og stillinga var ei stund 11-11. Men Sotra-jentene hadde eit lite overtak og drog ifrå igjen, og kampen enda 15-17. Fitjar-jentene fekk to advarslar og ei to minuttars utvising på grunn av kluss under spelarbyte. Ingen utvisingar på grunn av hissig spel er uvanleg, i følgje jentene, som var sånn passe fornøgde med kampen. Dei syns dei spelte greit og trur dei hadde hatt sjanse til å vinna om dei ikkje hadde stressa så mykje. Å vita at ein har eit forbetringspotensial kan no vera bra før neste seriekamp, som går mot Fyllingen, på heimebane søndag 12. februar.

Spelarar - Fitjar Jenter 15
Kristi Rydland (keeper)
Solveig L. Fitjar (keeper)
Malene Lussand (2 mål)
Solveig Liarbø (1 mål)
Marthe V. Nordfonn
Amalie Korsvik (1 mål) 
Jeanett H. Rasmussen (4 mål)
Katrine Hatlevik (3 mål)
Janne Vågen (1 mål)
Marie Ervik (3 mål)
Jannicke Korsvik 
Hanne Tveita

Fitjar-gutane hadde heilt  klart taket på gjengen frå Fana allereie frå start. Første scoring stod heimelaget for etter to og eit halvt minutts spel. Med mange gode redningar og mange scoringar kunne Fitjar gå til pause med stillinga 12-7. Toppscorar var Fredrik Jensen med åtte mål, men Joakim H. Vestbøstad markerte seg og godt i denne kampen, og laget hadde ein svært stødig keeper i Ingvar Rafdal. Etter pausen var det tomt for vaflar og vaffelrøre i foajeen, og kampfokuset vart større på tribunen, men heller dalande på Fitjar-sida på banen. Etter 17 minutt var stillinga 17-13, og frå då av snudde kampen. Fitjar-gutane verka slitne og ukonsentrerte, og motstandarane nytta seg til fulle av små feil og slurv, og innkasserte det eine målet etter det andre heilt til dei scora sitt 17. og siste mål eit og eit halvt minutt før kampslutt. Slik enda kampen uavgjort 17-17. Fitjar fekk to advarslar og to tominuttars utvisingar.

Kampen mellom Fitjar og Fana ein svært spennande kamp, og gjengen på tribunen var svært godt nøgd med gutane "sine" og gledde seg over det store publikumsoppmøtet, sjølv om dei gjerne skulle ønskt og hadde trudd at heimelaget skulle gå sigrande ut av kampen.

Spelarar - Fitjar Gutar 15
Ingvar Rafdal (keeper)
Brynjar Bergesen (keeper)
Vegard Hareide (2 mål)
Arnstein Andersen 
Emil Fitjar (2 mål)
Eirik Larsen 
Aadne Nesbø (1 mål)
Ole Martin Spissøy (1 mål)
Adrian Torvund
Sondre N. Aarland 
Joakim H. Vestbøstad (3 mål)
Fredrik Jensen (8 mål)

Gutar 15 takkar motstandarane frå Fana og domarane for kampen.

Gutar 15 frå Fitjar takkar motstandarane frå Fana og domarane for kampen.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
4806.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse