annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
MÃ¥ndag 21. mai 2012
Arild F. Waage, Nils Birger Vestbøstaad og Andreas Vik skapte rockestemning i kultursalen.
Arild F. Waage, Nils Birger Vestbøstaad og Andreas Vik skapte rockestemning i kultursalen
Arild F. Waage, Nils Birger Vestbøstaad og Andreas Vik skapte rockestemning i kultursalen

Frå klassisk til rock

Musikk er en gave med mye spennende i, song Kristian, og det kunne publikum skriva under på. Sjølv om det var lite julemusikk å høyra på adventskonserten til kulturskulen var det mange andre flotte og spennande musikalske framføringar av alt frå klassisk til  jazz, dansemusikk og rock.

Helga Rimmereid Publisert: fredag 02. desember 2011

Invild M. Oma med ei nydeleg framføring av eit klassiske pianostykke av F. Kuhlau. Invild M. Oma med ei nydeleg framføring av eit klassiske pianostykke av F. Kuhlau.
Kristian F. Giske, med kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen som levande notestativ, song Musikken er en gave av Mozart. Kristian F. Giske, med kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen som levande notestativ, song Musikken er en gave av Mozart.
Korpsaspirantane Mats O. Vik, Liv Hanna J. Raunholm og Mads Mikal S. Drønen på kornett framførde Kom og hør på hornmusikk. Korpsaspirantane Mats O. Vik, Liv Hanna J. Raunholm og Mads Mikal S. Drønen på kornett framførde Kom og hør på hornmusikk.
Strålande barnhageungar gjekk polonese til marsjtonar frå av Toradertuppen. Strålande barnhageungar gjekk polonese til marsjtonar frå av Toradertuppen.
Mathilde R. Bukkøy og Eirin M. Oma på fiolin og Sofie Rimmereid og lærar Orlaug K. Evensen på piano framførde Stille nå. Mathilde R. Bukkøy og Eirin M. Oma på fiolin og Sofie Rimmereid og lærar Orlaug K. Evensen på piano framførde Stille nå.
Ingilvd Prestbø framførde nydeleg trestemt fløytespel saman med Judith E. Hageberg og fløytelærar Anne Lene Ø. Jordåen. Ingilvd Prestbø framførde nydeleg trestemt fløytespel saman med Judith E. Hageberg og fløytelærar Anne Lene Ø. Jordåen.
Johannes Myhre på el-gitar, Nils Birger Vestbøstad på bass-gitar og Luca Vucenovic på el-gitar med ei imponerande framføring av Stairway to Heaven av Led Zeppelin. Johannes Myhre på el-gitar, Nils Birger Vestbøstad på bass-gitar og Luca Vucenovic på el-gitar med ei imponerande framføring av Stairway to Heaven av Led Zeppelin.

Det var elevar frå Fitjar kulturskule og Fitjar skulekorps, samt ungar frå barnehagane og Toradertuppene som deltok på kulturskulen sin adventskonsert i kultursalen torsdag kveld . Imponerande og sjarmerande, var ein stolt skulesjef Edvin Aase sin umiddelbare kommentar etter konserten.

Aase var langt frå den einaste stolte i salen denne kvelden. Kultursalen var full av stolte slektningar og vener av dei vel 70 små og store som var i sving på scenen i løpet av konserten. Musikalske perler kom som på ei snor, og det var fleire enn songaren Kristian F. Giske som kalla fram rørte tårer i augnekroken på både publikum og kulturskulelærarane.

Dei to aspirantgruppene til skulekorpset sørgde for skikkeleg messingmusikk, og var dei einaste som klarde skapa adventsstemning med si flotte fleirstemte framføring av Bjelleklang.

5-åringane frå Bakken, Årskog, Fitjarstølane og Fjellheim barnehage deltok med dans og marsj akkompagnert av Toradertuppene. Eit flott, friskt og sjarmerande innslag.  Dei trekkspel-spelande damene hadde og ei eiga lita avdeling med to svingande valsar.

Mange flinke songarar, gitaristar, fløytistar, fiolinistar og pianistar serverte flott musikk, både klassiske stykke og populærmusikk. Me fekk høyra pennande samspel på alle instrument, og flotte soloinnslag.

Konserten vart avslutta med fengande rockerytmar i Guns N'Roses sin melodi Sweet child of mine, framførd av Arild F. Waage på el-gitar, Nils Birger Vestbøstad på bass-gitar og Andreas Vik på slagverk. Musikken gav kanskje ikkje adventsstemning, men verkeleg god konsertstemning det skapte både  rocke-gutane som fekk publikum til å klappa med og resten av musikarane og dansarane.

Alle innslaga synte ei god og spennande utvikling i kulturskulen det siste halvåret, og gjev både lærarar, rektor, foreldre og elevar god grunn til å vera stolte.

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
4179.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse