annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
MÃ¥ndag 21. mai 2012
5. og 6. åringar frå Bakken, Fjellheim, Fitjarstølane og Årskog barnehage dansar Her kommer vennen min.
5- og 6-åringar frå Bakken, Fjellheim, Fitjarstølane og Årskog barnehage dansar Her kommer vennen min.
5- og 6-åringar frå Bakken, Fjellheim, Fitjarstølane og Årskog barnehage dansar Her kommer vennen min.

Dansa, song og spelte

Det var både flott dans og mykje flott song og spel under kulturskulen sin vårkonsert i kultursalen torsdag ettermiddag. Folk visste si besøkstid og fylte opp salen for å oppleva ein del av dei mange musikalske talenta som bygda vår fostrar.

Helga Rimmereid Publisert: fredag 27. mai 2011

Barnehageungane framfører Dans av M. Ravel med stor glede og innleving. Barnehageungane framfører Dans av M. Ravel med stor glede og innleving.
Kristian F. Giske syng om musikk-geniet Mozart. Kristian F. Giske syng om musikk-geniet Mozart.
Ingrid S. Bergesen syng stødig og overbevisande Hold On be strong av M. Craig, akkompagnert av Kjell Saue på pinao.. Ingrid S. Bergesen syng stødig og overbevisande Hold On be strong av M. Craig, akkompagnert av Kjell Saue på pinao..
Olga Vestbøstad spelte Regnrock saman med sju andre fløyteelevar frå Stord og Fitjar. Olga Vestbøstad spelte Regnrock saman med sju andre fløyteelevar frå Stord og Fitjar.
Arild Waage imponerte med flott spel og gode fingerferdigheiter på sin el-gitar. Arild Waage imponerte med flott spel og gode fingerferdigheiter på sin el-gitar.
Juniorkorpset, med sin dirigent Svein Roger Koppang, fekk salen til å vera med å synga på Kjerringa med staven. Juniorkorpset, med sin dirigent Svein Roger Koppang, fekk salen til å vera med å synga på Kjerringa med staven.
Skulekorpset avslutta konserten med sitt NM-program, i tillegg til stykker Epilogue. Skulekorpset avslutta konserten med sitt NM-program, i tillegg til stykker Epilogue.
Hanne Inntveit, som syntes det var veldig kjekt å dansa og synga på scenen saman med dei andre barnehageungane, nyt ein velfortent is etter at konsert er slutt. Hanne Inntveit, som syntes det var veldig kjekt å dansa og synga på scenen saman med dei andre barnehageungane, nyt ein velfortent is etter at konsert er slutt.

Inkludert alle 5- og 6-åringar i barnehagane, skulekorpset og juniorkorpset var over 100 kulturskuleelevar i sving på scenen i løpet av konserten, som vart stødig og trygt leia av kulturskulerektor Anne-Lene Ø. Jordåen.

Det heile starta roleg og fint med ein dans av barnehageungane. Ungane kom frå både Bakken, Fjellheim, Fitjarstølane og Årskog barnehage. Dei eldste ungane i desse barnehagane deltek på eit musikkprosjekt som barnehagane og kulturskulen samarbeider om. Publikum fekk gjennom deira dans, speling på kroppen og song innblikk i litt av musikkgleda dei opplever. Ungane såg ut til å kosa seg på scenen, og fem år gamle Hanne si enkle forklaring på det etterpå var: Det var fordi det var kjempekjekt. Ungane såg ikkje ut til å la seg merka av at salen var full av skodelystne tilhøyrarar, bortsett frå at nokre vart litt distrahert fordi dei berre måtte snu seg, sjå opp, smila og vinka til nokre kjende i salen.

Vidare fekk me flott song av Ingvild M. Oma, Morten P. Korsvik, Mathias L. Lussand, Kristian F. Giske, Susanne Vestbøstad, Susanne Tøkje, Marie M. Oma og Ingrid Bergesen. Sistnemnde song m.a. ein sjølvkomponert song som heiter Stand and cry. Fleire av songarane akkompagnerte seg sjølv på gitar eller piano.

Kulturskulen, med sin fløytespelande rektor, har etter kvart fått ei stor og flink fløytegruppe. Dei eldste spelte ein avansert, fleirstemt allegro. Dei yngre, som fekk hjelp av nokre fløyteelevar frå Stord, sjarmerte med Regnrock, iført  støvlar og sydvestar og med innlagde dansetrinn.

Ein del av pianoelevane har øvd saman ein periode no i vår, og tre pianogrupper spelte flotte 6-hendige pianostykke. Alice Rose Mehammer, Rea Motrivic og Thea Træet spelte Woogi, Marte Rimmereid, Sandra Pedersen og Miriam Træet spelte Stardust medan veteranane Åse M. Underhaug, Kristine M. Underhaug og Guro Rimmereid spelte Playing av K. Bjørntveit. Alle med kyndig rettleiing frå pianolærar Orlaug K. Evensen.

Eit nytt, og kjekt innslag på konserten i år var el-gitar. Arild Waage synte stålkontroll på sin elektriske gitar og var ei fryd å lytta til.

Fitjar juniorkorps, som består av dei som er 1. og 2. års messingblåsarar, er no eit stort korps på 17 musikantar og spelte ei flott avdeling med korpsarrangerte stykke, og me let oss særleg imponera av denne gode dynamikken desse unge korpsmusikantar fekk til.

Hovudkorpset til Fitjar skulekorps, som snart er på veg til korps-NM i Stavanger, spelte sitt NM-program i tillegg til den flotte og svingande Epilogue av Haakon Esplo. Dei synte at NM-formen er på plass og det var avslappande og godt å lytta til dei.

Tradisjon tru vart vårkonserten avslutta med at alle deltakarane fekk kvar sin velfortente is på veg ut.

Kulturskulerektoren minner om at sjølv om dei har hatt vårkonsert så tar ikkje kulturskulen sommarferie enno. Kulturskulen følgjer skuleruta, og det vert undervising heilt fram til St. Hans.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
2502.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse