Måndag 24. Juli 2017


Mange på Fitjar nytta seg av høve til å levera sekkar med kle til Romaniahjelpa som var på plass i Fitjar sentrum laurdag ettermiddag.

Kor mange det eigentleg var er ikkje godt å seia for me var berre innom som snarast, men Tor Benjaminsen som er dagleg leiar og resten av Romaniahjelp-teamet som var på Fitjar skrytte av oppslutnaden. Både deira og våre erfaring er at folk følgjer med på kor tid dei kjem, og førebur seg med å rydda gjennom klesskapa til ungane for å samla saman i bossekkar det ungane har vokse frå men som fortsett er heilt og fint. Gjengen skryt og av facebook som er eit godt verktøy når dei skal spreie informasjon om innsamlingane, og dei har ein eigen profil her.

Romaniahjelpa brukar vera på Fitjar to gongar i året, og i tillegg har og Barmhjertighetsbussen frå Stord vore innom for å samla inn kle til hjelpetrengande i Ukraina, og forsett stiller folk opp med nye sekkar. Stoppet på Fitjar er ein del av ein større innsamlingsturne. Lastebilen kom denne gongen direkte frå innsamling på Leirvik og etter ein halv times stopp på Fitjar gjekk kursen vidare mot Nordhordland.

Romaniahjelpen Vestlandet vart stifta i 2009 og driv mellom anna med innsamlingar i Hordaland og Sogn og fjordane. Foreininga er ein idealistisk, frittståande, velgjerande organisasjon utan politisk eller religiøs tilknyting. Alt arbeid vert utførd av frivillige, positive krefter, som dei seier. At den gjengen som er på Fitjar er positive er det heller ikkje tvil om. Vert ei bildør opna og dei skimtar ein svart sekk er dei på plass, løftar sekken med eit smil, takkar og klistrar på lappar med kodar for kva sekken inneheld. Dei tek imot både kle, sko, leiker og det dei kallar "mjuke" hushaldningsartiklar. Alt må sjølvsagt vera heilt og reint, og dei tek 100 kroner i frakt for kvar sekk. Så vert innhaldet formidla vidare til hjelpetrengande i Romania under mottoet Ganduri calde den Norvegia - Varme tanker fra Norge.

Dei som møter fram har hundrelappen klar og bytar den mot ein informasjonslapp om Romaniahjelpen. Foreininga jobbar med tre prosjekt i samarbeid med Fylkesbarnevernet i Sibiu i Romania, to barneheimar og ein SFO for ungar under fattigdomsgrensa. Fitjarfolk me snakka med veit lite om dette og er stort sett ikkje så opptekne av kven som samlar inn, dei er berre glad for at nokon tek innsamlingsjobben og får dette frakta ut til nokon som treng det. Dei innsamla sekkene vert lagra til hjelpa har nok til å fylla ein semitrailer. Same dag som dei er på Fitjar er ein trailer med 11 000 sekkar på veg til Romania. Dei vaksne i flokken skrytte uhemma av ungdomane dei har med, som jobba til langt på natt og stua så godt at dei fekk langt meir enn forventa inn i traileren. I påska skal 14 frivillige arbeidarar bytta ut Kvikklunch, appelsin og norsk påske med ein sjølvkosta tur med fly til Romania for å vera med på utdelinga.

Du kan lesa meir om arbeidet til Romaniahjelpen på heimesida deira her.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lurt å stoppe ved Haukeliseter

22.07.2017 Håkon C

Haukeliseter Fjellstue vann «Årets vegmat 2017». Foto: Fredrik Fjeld Lurt å stoppe ved Haukeliseter  Skal du austover over fjellet i sommar, kan det vera vel verdt å stoppa på Haukeliseter. Magasinet Motor har...

Les meir ...

Kultur på hjul

22.07.2017 Håkon C

  Lokale veteranbilar. Foto: FP-arkiv/HCH Kultur på hjul Landsforbundet for Motorhistoriske Kjøretøysklubber (LMK) vil i august markere seg med ein spesiell stafett, som og går gjennom Fitjar, for å sette lys på at...

Les meir ...

Gjekk Stord på langs - og mykje lenger

21.07.2017 Håkon C

Fitjarposten hadde eit  hyggeleg møte med Martin (t.v.) og Max frå Geneve i Sveits langs Fv545 i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt Gjekk Stord på langs - og mykje lenger På veg...

Les meir ...
annonse
annonse

Slik tek du best vare på fangsten

21.07.2017 Håkon C

  Nofima sine forskarar har gode råd for korleis du sikrar best muleg kvalitet på fisken du fangar. Illustrasjonsfoto: Lars-Åke Andersen Slik tek du best vare på fangsten Fitjarfolk har god greie på fisk...

Les meir ...

– Kos og terapi

20.07.2017 Håkon C

Anne Berit Skår, og Johnny Heggøy, på Sjøsio i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt – Kos og terapi Det sier Anne Berit Skår som tid og annan tek med seg fiskestonga...

Les meir ...

Betre badetemperaturar

19.07.2017 Håkon C

Fint i Breiavikjo i går - og i dag òg. Foto: Håkon C. Hartvedt Betre badetemperaturar Temperaturen i sjø og vatn er stigane, og når vi vitja Breiavikjo i dag var den...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Fitjarmat til partitopp

24.07.2017 Håkon C

  Illustrasjonsfoto: Sal av fitjarpoteter. Foto: FP-arkiv/HCH Fitjarmat til partitoppar Onsdag kjem senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum og stortingsrepresentant Krersti Toppe til Stord. Då får dei mellom anna smaka gardsmat frå Fitjar.

Les meir ...
Færøysundbasaren
Sommarmøte