annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
MÃ¥ndag 21. mai 2012
Musikantane spelar Brown girl in the ring for eit lydhøyrt og begeistra publikum.
Musikantane spelar Brown girl in the ring for eit lydhøyrt og begeistra publikum.
Musikantane spelar Brown girl in the ring for eit lydhøyrt og begeistra publikum.

Kjekk øvingshelg med flott konsert

Aspirantane og juniorane i Fitjar skulekorps har vore på øvingshelg saman med juniorkorpset til Stord skulekorps, og helga vart avslutta med ein flott konsert.

Helga Rimmereid Publisert: lørdag 12. mars 2011

Eit stort juniorkorps med 25 musikantar øver fredag kveld under Svein Roger Koppang si myndige leiing. Eit stort juniorkorps med 25 musikantar øver fredag kveld under Svein Roger Koppang si myndige leiing.
Tor Håkon Aarbø vekker medmusikantane med stykket Trompetermannens vise (Stå opp din gris). Tor Håkon Aarbø vekker medmusikantane med stykket Trompetermannens vise (Stå opp din gris).
Ein engasjert dirigent øver dynamikk med musikantane. Ein engasjert dirigent øver dynamikk med musikantane.
Juniorar frå Stord og Fitjar i flott samspel under konserten. Juniorar frå Stord og Fitjar i flott samspel under konserten.
Ein kjekk og glad gjeng på øvingshelg. Ein kjekk og glad gjeng på øvingshelg.

Omtrent 40 foreldre, besteforeldre og søsken møtte fram for å få med seg den flotte konserten som var avslutninga på øvingshelga på Hystad skule. Etter mange timar med intens øving både fredag kveld og laurdag føremiddag var det ein spent gjeng i alderen 8 til 13 år som stilig entra scenen og imponerte dei frammøtte med spenstige, klangfulle, dynamiske, presise og svingande tonar. Det var messinginstruktør og dirigent i Fitjar skulekorps, Svein Roger Koppang, som styrde taktstokken med god hjelp av instruktørane Anne Lunde og Ragnhild Prestbø.

På Fitjar er det 9 juniorar og 8 aspirantar, og av desse var 15 med på øvingane saman med 10 juniorar frå Stord skulekorps. Musikantane fann godt tonen, både musikalsk og sosialt, nye vennskap vart knytta og nye musikalske ferdigheiter øvd inn. I tillegg til øving var det god tid til leik og annan aktivitet, og det satte dei unge musikantane, som til tider hadde mykje lopper i blodet, stor pris på. For mange var det aller kjekkast å få overnatta på skulen på flatsenger, men dei syntes og det var veldig, veldig kjekt å spela konsert. For foreldra som var publikum var avslutningsnummeret Brown girl in the ring eit absolutt høgdepunkt, men det var heller ikkje å forakta å få heim ungar som ikkje var aldeles utrangla, men som hadde sove godt om natta.

Dirigenten var svært nøgd med helga og håpar dei gode erfaringane fører til fleire slike samarbeid. Det vil i tilfelle gle musikantane frå Fitjar, som allereie på veg heim snakka om kor tid dei får møta att dei nye musikalske vennene sine frå den andre sida av øya.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
7660.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse