annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
MÃ¥ndag 21. mai 2012
Borgny V. Tufte framfører En stjerne skinner i natt.
Borgny V. Tufte framfører En stjerne skinner i natt
Borgny V. Tufte framfører En stjerne skinner i natt

Ein heilag time med musikk

"Nå er den hellige time" song både Borgny V. Tufte og Ingrid S. Bergesen under kulturskulen sin adventskonsert torsdag kveld.

Helga Rimmereid Publisert: torsdag 02. desember 2010

Det var god og fin lyd i aspirantane Kaia Rydland og Maria Synnøve T. Koløen på tenor. Det var god og fin lyd i aspirantane Kaia Rydland og Maria Synnøve T. Koløen på tenor.
Aspirantane i skulekorpset med sin dirigent Svein Roger Koppang. Aspirantane i skulekorpset med sin dirigent Svein Roger Koppang.
Miriam Træet spelte sikkert og flott Largo på flygel. Miriam Træet spelte sikkert og flott Largo på flygel.
Konserten vart leia av Olga Vestbøstad, Thea Træet, Helene Eiken og Synne Hollund med hjelp frå kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen. Konserten vart leia av Olga Vestbøstad, Thea Træet, Helene Eiken og Synne Hollund med hjelp frå kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen.
Pianoelev Rea Mitrovic spelte Klokkene klinger på flygelet i kultursalen. Pianoelev Rea Mitrovic spelte Klokkene klinger på flygelet i kultursalen.
Åse M. Underhaug spelar firhendig piano med lærar Miroslav Mintchev. Åse M. Underhaug spelar firhendig piano med lærar Miroslav Mintchev.
Lena Tislevoll og Erika Reigstad song fantastisk vakkert Julenatt av T. Aas. Lena Tislevoll og Erika Reigstad song fantastisk vakkert Julenatt av T. Aas.
Susanne Vestbøstad framfører Down by the river side. Susanne Vestbøstad framfører Down by the river side.
Morten K. Pedersen gav alt på Happy X-mas av J. Lennon Morten K. Pedersen gav alt på Happy X-mas av J. Lennon
Fløyteelevane Helene Eiken, Synne Hollund, Olga Vestbøstad, Inger Louise Sandvik, Judith E. Hageberg, Ingvild Prestbø, John Kevin Sandvik og fløytelærar Anne Lene Ø. Jordåen i flott samspel på Glade jul. Fløyteelevane Helene Eiken, Synne Hollund, Olga Vestbøstad, Inger Louise Sandvik, Judith E. Hageberg, Ingvild Prestbø, John Kevin Sandvik og fløytelærar Anne Lene Ø. Jordåen i flott samspel på Glade jul.

Konserten i kultursalen vart som ei heilag stund, med julestemning og lokale stjerner som glitra på ulike nivå. Over 40 ungar og ungdomar av kulturskulen sine nærare 100 elevar deltok med flott og rørande song og spel. Temaa var ulike, og blandt ungdomane handla det mykje om kjærleik, men utover i konserten vart adventsdimensjonen stadig tydelegare, i tekstar som handla om den heilage timen då juleunderet skjedde.

Fløyteelevar både starta og avrunda konserten med flotte juletonar, og fire av desse elevane, Thea Træet, Olga Vestbøstad, Synne Hollund og Helene Eiken leia konserten med stø hand.

Juniorkorpset til Fitjar skulekorps trylla fram svingande tonar i Cool Cat, og fortsatt med tre til like flotte korpsarrangerte songar. Aspirantane i korpset, som har spelt i knappe tre månader, var og som eit heilt lite korps med sju kornettar og to tenorar. Dei spelte og flott, noko som lovar godt for både framtida til juniorkorpset, som er deira neste steg, og så i neste omgang skulekorpset. Kjekt var det og å sjå at det var mange gutar med her.

Me fekk høyra mange piano-elevar på forskjellige nivå. Frå unge Sofie Rimmereid, som er første års kulturskuleelev, til Kristine M. Underhaug som har spelt i mange år og som opna adventsavdelinga på konserten med ei flott framføring av stykket Desember av Kari Fekjar. Innimellom der høyrde me Rea Mitrovic, som fekk hjelp av Alice Rose Mehammer på vokal, Mirjam Træet som me kunne høyra at har heva seg fleire hakk frå forrige konsert, då ho i kveld spelde Largo av Dvorak, Marte Rimmereid med Can can, Guro Rimmereid som tok oss med tilbake til 80-tallet med  Richard Claydermann sin Ballade pour Adeline, Alice Rose Mehammer som både spelte piano og song Nå tenner vi det første lys,  Åse M. Underhaug i flott firhendig samspel med pianolærar Miroslav Mintchev, og Endre og Sigbjørn Torkelsen som fekk jubel frå salen etter sine framføringar av kjende julesongar.

Songelevane er og i god utvikling. Dei har fått meir styrke i stemmene sine, vågar synga ut og virkar stadig tryggare på scena. Dette var tydeleg både i Marie M. Oma sin My Immortal, Marte V. Nordfonn sin klare og tydelege I never told you, Ingvild M. Oma sin I love you, Lena Tislevoll og Erika Reigstad sin duett Julenatt og Ingrid Bergesen sin klare og vakre versjon av En stjerne skinner i natt. Første års songelev Morten K. Pedersen har me såvidt høyrt før, og han trossa ein sår hals og "sprita opp" konserten med Happy X-mas. Sjølv om den såre halsen reduserte han litt på dei høgaste tonane var det lett å høyra at denne guten har mykje å gje, og det vert svært spennande å fylgja han framover.

Ingen synte meir glede og stoltheit over bragda det er å stå ganske så åleina på scenen med rampelyset retta mot seg, enn Mathias L. Larsen. Han løfta sigers-handa i veret då han mottok applaus etter si framføring av Rudolf er rød på nesen. Fleire kunne gjerne vist same gleda, men det skumlaste på heile konserten er for mange å snu seg mot puplikum og ta imot applausen etterpå, og det var mange raske, småflaue, men sjarmerande, bukk å sjå.

Grunna sjukdom fekk me ikkje møta slagverk-elevane på denne konserten, og mange gitarelevar var heller ikkje med.  Men Susanne Tøkje var ein verdig representant for gitarelevane då ho med sitt flotte fingerspel akkompagnerte allsongen Tenn lys. Ein annan gitarelev det er verd å merka seg er 6. klassingen Susanne Vestbøstad. Denne dama kan ikkje berre spela gitar men er ein svært habil songar, vart me overbevist om under hennar framføring av Down by the river side.

Ei anna stjerne som og skein denne kvelden var den ferske gitareleven Borgny V. Tufte som heilt åleine på scenen framførde ein enkel, var, ekte og vakker versjon av En stjerne skinner i natt.

Fløytegruppa som består av Helene Eiken, Synne Hollund, Olga Vestbøstad, Inger Lousie Sandvik, Judith Emelie Hageberg, Ingvild Prestbø og John Kevin Sandvik saman med fløytepedagog Anne Lene Østvold Jordåen avslutta konserten med ein flott versjon av Glade jul, og med dei tonane i øyra kunne me lena oss tilbake i stolane og berre nyta julestemninga som kom sigande og takksemda for alt me hadde fått høyra. På Fitjar har me svært mange flinke og ivrige ungar i kulturskule. Takk til kvar einskild elev som i kveld var med på å gje oss i salen ein heilag time med musikk!

Kulturskulen tek ikkje juleferie endå, det vert undervising både i veke 49 og i veke 50, før elevar og lærarar kan helsa kvarandre god jul.

Kulturskulelærarane

Kulturskulelærarane Miroslav Mintchev (piano og gitar), Kjell Saue (song og tilrettelagt undervising), Orlagu K. Evensen (piano og song), Anne Lene Ø. Jordåen (fløyte og rektor), Terje Solsvik (slagverk) og Svein Roger Koppang (messing).

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6060.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse