Torsdag 23. November 2017


Det er ikkje berre Fitjar kommune som jubilerer i år. Det gjer òg Fitjar Kraftlag. I  oktober markerer dei dette med å gi alle kundane sine ein storstilt gratiskonsert.

Konserten finn stad i Idrettshallen fredag 29. oktober kl. 18.00, og det er Hanne Krogh med ”Team Hanne” som kjem. ”Team Hanne” vann som kjent den første finalen i «Det store korslaget» på TV i 2009, etter å ha slått Jørn Hoel og koret hans  frå Tromsø i ein svært spennande finale.

-I samband med at Fitjar kraftlag rundar 75 år ønskjer me å gi denne konserten som ei jubileumsgåve til kundane våre, smiler kraftlag-sjef Ole Vidar Lunde som gler seg til konserten.

Hanne Krogh har vore på konsertoppdrag i Fitjar før. Mellom anna har ho halde konsert i lag med Osternes Mannskor og Fitjar barnegospel, noko som førte til svært gode tilbakemeldingar.

Og så sprudlande som Hanne Krogh er for tida er det all grunn til å setja eit stort kryss ved 29. oktober.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lærarane er urolege over budsjettforslag…

22.11.2017 Kjetil Rydland

Katrin I. Ankervold og lærarane i Fitjar er urolege over utviklinga i skulen om budsjettforslaget går gjennom. Foto: Kjetil Rydland. Lærarane er urolege over budsjettforslaget  – I år er det faktisk langt...

Les meir ...

Brøyten måtte til

22.11.2017 Håkon C

Brøyten måtte til «Brøyten» i gang i dag tidleg. Foto: Håkon C. Hartvedt Då me såg ut kontorvindauget til fitjarposten.no rundt kl 07:45 i dag var brøyten i gang med å fjerna...

Les meir ...

Frivilligprisen til Fitjar Idrettslag

22.11.2017 Håkon C

Illustrasjonsfoto: Fotballgruppa er den største gruppa i Fitjar Idrettslag. Foto: FP-arkiv/HCH Frivilligprisen til Fitjar Idrettslag Fitjar Idrettslag blir tildelt frivilligprisen 2017, og styreleiar Gisle Levåg er strålande fornøgd.

Les meir ...
annonse

Sogekveld med Fitjarminne 2017

21.11.2017 Kjetil Rydland

Magnar Kloster med Fitjarminne 2016 under lanseringa i november i fjor. Arkivfoto Fitjarposten/KR.  Sogekveld med Fitjarminne 2017 Sogelaget ber inn til sogekveld førstkomande torsdag på Seniorsenteret, og då kan du få tak...

Les meir ...

Gapahuken ferdig!

20.11.2017 Kjetil Rydland

Gapahuken er ferdig, og dugnadsleiar Toralv Røen kan by ordførar Wenche Tislevoll på ein kopp kaffi. Foto: Privat.  Gapahuken ferdig! I dag har det vore dugnad på gapahuken ved Kidnavatnet, og no er han...

Les meir ...

Fitjar kyrkje – eit landemerke!

19.11.2017 Kjetil Rydland

Biskop Halvor Nordhaug i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kyrkje – eit landemerke! Fitjarkyrkja hausta mykje rosande omtale under jubileumsgudstenesta søndag føremiddag, då biskop Halvor Nordhaug gjesta kyrkja saman med fleire...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ny rådmann i Fitjar!

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Olaug Haugen, den nye rådmannen i Fitjar. Foto: Vidar Karlsen, Tingvoll kommune. Ny rådmann i Fitjar! Olaug Haugen er formelt tilsett.

Les meir ...
Lansering av Fitjar minne 2017 - Fitjar sogelag 23. november kl. 18
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no