annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Ole Auestad leia samveret i Sion i Øvrebygda. Foto: Håkon C. Hartvedt
Ole Auestad leia samveret i Sion i Øvrebygda. Foto: Håkon C. Hartvedt
Ole Auestad leia samveret i Sion i Øvrebygda. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nattverd x 4

Skjærtorsdag er tid for å minnast det første nattverdsmåltidet. I Fitjar vart det i dag halde nattverd fire plassar. Fitjarposten fekk med seg tre av dei.

HÃ¥kon Carl Hartvedt Publisert: fredag 02. april 2010

Frå forsamlinga i Sion. Foto: Håkon C. Hartvedt Frå forsamlinga i Sion. Foto: Håkon C. Hartvedt
Klart for brødsbryting i pinsemenigheten.... Foto: Håkon C. Hartvedt Klart for brødsbryting i pinsemenigheten.... Foto: Håkon C. Hartvedt
..og i Fitjar Bedehus. Utstyret er ikkje så forskjellig frå det ein brukar i Sion. Foto: Håkon C. Hartvedt ..og i Fitjar Bedehus. Utstyret er ikkje så forskjellig frå det ein brukar i Sion. Foto: Håkon C. Hartvedt
I Fitjar Bedehus sit ein rundt bord med kvite dukar. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt I Fitjar Bedehus sit ein rundt bord med kvite dukar. Foto: HÃ¥kon C. Hartvedt
Nattverd i Fitjar kyrkje slik dei fleste kjenner han. Nytt i år var at det var kveldssamling. Foto: Håkon C. Hartvedt Nattverd i Fitjar kyrkje slik dei fleste kjenner han. Nytt i år var at det var kveldssamling. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det starta i Øvrebygda bedehus. Her har kyrkja jamleg gudstenesteleg møte. I dag med nattverd. Og sokneprest Olav Oma melder opp godt frammøte på denne samlinga. Rundt 60, kunne han fortelja.

Om lag like mange møtte fram i Fitjar kyrkje kl. 18.00 då kyrkja, som nytt av året, arrangerte kveldssamling med nattverd på Skjærtorsdag. Begge desse plassane vart nattverden gjennomført slik ein er vane med det i kyrkja.

Noko annleis er opplegget dei to neste plassane me var innom. Pinsemenigheten Stord-Fitjar hadde nattverdssamling, eller "brødsbrytelse" som dei kallar det der, kl. 19.00. Ikkje så mange, berre om lag 10-15 stykker var samla her. Men opplegget virka inderleg, nært og ekte.

Timen etter starta nattverdsmøtet på Fitjar bedehus. Dette skil seg ut ved at deltakarene set rundt bord med kvite dukar. Men skriftorda som vert lese i samband med nattverdutdelinga er dei same som i kyrkja.

Men her, og heller ikkje i pinsemenigheten, er det prest og medhjelpar som delar ut brødet og vinen. Her sender den eine først brød og så vin rundt bordet medan ein seier "Dette er Jesu lekam" og "Dette er Jesu blod" til den som ein gjev det til. På denne måten kjenner ein på likeverd, og på at Jesus ikkje berre er Frelsar, men og ven og bror. Mellom 30 og 40 tok del på nattverdsmøtet her.

I alt feira nærare 200 personar nattverd på Fitjar i dag.

Om opplegget er noko forskjellig, er likskapen mykje større. Alle hylla dei, i djup takksemd og glede, Meisteren frå Nasareth som innstifta nattverden for snart 2000 år sidan -

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6159.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai