annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
Klare for å laga fiskemiddag. Foto: Margareth Tislevoll
Klare for å laga fiskemiddag. Foto: Margareth Tislevoll
Klare for å laga fiskemiddag. Foto: Margareth Tislevoll

Frisk som en fisk

Fjerdeklassingane på Rimbareid skule hadde ein fantastisk flott "Frisk som ein fisk-dag" på Fitjar vidaregåande skule, nyleg.

Kari Giske Publisert: fredag 26. mars 2010
Chayenne, Arild og Torstein konsentrerer seg om jobben. Chayenne, Arild og Torstein konsentrerer seg om jobben.
Framtidas kokkar:Jakob; Brede, Svein Arne, Sander og Børge. Framtidas kokkar:Jakob; Brede, Svein Arne, Sander og Børge.
Heile gjengen. Foto: Margareth Tislevoll Heile gjengen. Foto: Margareth Tislevoll
Godt i gang. Foto: Margareth Tislevoll Godt i gang. Foto: Margareth Tislevoll
Jonas og Markus lagar potetstappe. Jonas og Markus lagar potetstappe.
Markus, Damian og Vebjørn i gang med middagen. Markus, Damian og Vebjørn i gang med middagen.

-Er det verkeleg mogleg å vera så heldige som me i klasse 4a og 4b var denne veka? No trur du kanskje at me vann i ein konkurranse eller noko?

Nei, det var noko mykje betre enn det!
Me vart nemleg inviterte til å vera ein heil dag på vitjing på Fitjar vidaregåande skule!
Og me lyg ikkje når me seier at det var den kjekkaste skuledagen me har hatt på kjempelenge.

Du veit vel at om du vil halda deg ”frisk som ein fisk”, så lyt du både eta sunn mat og helst vera mykje ute på tur! Og me fekk gjera begge delar denne kjekke dagen.

Inne på storkjøkenet på skulen fekk me laga den beste fiskemiddagen me har smakt nokon gong. Ikkje for å skryta av oss sjølve, altså… Men det smakte berre kjempegodt.

Kokkeelevane var veldig flinke å visa oss kva me skulle gjera. Men det kjekke var at me fekk lov å gjera alt sjølve.. Tru det eller ei, men mange meinte faktisk at denne middagen til og med var betre enn ein heil pose med godteri………

Elevane på ”Barne og ungdom” tok oss med ut på tur på ein strandsti. Her var det mange spanande aktivitetar og oppgåver me fekk prøva oss på. Me lærte mykje om livet i fjæra, om ulike fiskar, songar og mange andre ting.

Litt regn gjorde ikkje noko. Me hadde sjølvsagt kledd oss for å vera ute. Og me er trass alt vestlendingar, så regn det tåler me!

Alt i alt var det ein heilt topp dag.

Tusen takk til Margareth og dei andre lærarane, og til Lasse og dei andre elevane på skulen.

 

 

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
3677.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai