annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
ukjent landskap

ukjent landskap

Fotoutstillinga "ukjent landskap" vart høgtideleg opna i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag ettermiddag.

Helga Rimmereid Publisert: fredag 16. oktober 2009
Bilete frå konfiramsjon i Fitjar kyrkja fotogarfert av Robert Marcsa. Bilete frå konfiramsjon i Fitjar kyrkja fotogarfert av Robert Marcsa.

"Me er stolte", seier Torbjørn Hovland der me møter han i døra inn til foajeen. Og dei har all grunn til å vera stolte, fotografane i Stord fotoklubb som har laga til salsutstilling i Fitjar kultur- og idrettsbygg.  Det er ei flott og spennande utstilling med stor variasjon i bileta, både når det gjeld innhald, form, teknikk m.m. Det er fine bilete, spennande bilete, humoristiske bilete, "glansbilete", bilete til ettertanke, bilete til undring...

Frank Biringer, leiar i Stord fotoklubb ynskte velkomen og gav ordet vidare til ordførar Harald Rydland som skullle stå for den offisielle opninga. Han gratulerte og takka for at utstillinga var på Fitjar. Han var imponert over dei flotte bileta og håpar at resultatet av utstillinga vert mange selde bilete og auka medlemsmasse i Stord fotoklubb.

Elise Aarbø som er kultursjef i Fitjar var og svært nøgd med utstillinga. "Det har vore eit ynskje i mange år å få til ei slik utstilling, så det er veldig kjekt at den no er her. Fotoklubben har jobba profesjonelt, og det er blitt heilt nydeleg her i foajeen", sa ho i sin helsing.

Fotoutstillinga er vel verd eit besøk, og som ordføraren sa: ikkje hast forbi, men stopp! Det heng bilete "over alt", nokre bør ein studera på nært hald, andre er best å sjå på frå avstand, ein del må ein sjå på både på nært hald og lenger vekke. Andre bilete må ein løfta blikket for å få auga på.

To av utstillarane kjem frå Fitjar: Torbjørn Hovland og Siv Grete Stamnes. Det er og Siv Grete som står for fotografiet på framsida av brosjyren. Utstillinga vert hengande til 30. november, og i foajeen finn ein eit skriv med presentasjon av utstillarane, presentasjon av bileta med prisliste, kort informajson om fotoklubben og presentasjon av fototeknikkar.

Ynskjer du å bli bedre kjend med fotoklubben kan du gå inn på heimesida deira: http://www.stordfotoklubb.no/

Fotoutstillinga vart opna av Fitjarordførar Harald Rydland.
Fotoutstillinga vart opna av Fitjarordførar Harald Rydland.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
2209.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai