annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 17. mai 2012
F.v: Stine Vaage, Jannike Maraas og Marte Harestad som strikkar på strikkemaskin. Foto: Synnøve Aarskog
F.v: Stine Vaage, Jannike Maraas og Marte Harestad som strikkar på strikkemaskin. Foto: Synnøve Aarskog
F.v: Stine Vaage, Jannike Maraas og Marte Harestad som strikkar på strikkemaskin. Foto: Synnøve Aarskog

Spennande strikkeprosjekt

På Fitjar vidaregåande skule, på design-  og handverklinja, strikkar dei på strikkemaskin, og det skal dei gjera i to veker.

Synnøve Aarskog Publisert: tirsdag 25. november 2008
Mange flotte fargar å velje mellom. Foto: Synnøve Aarskog Mange flotte fargar å velje mellom. Foto: Synnøve Aarskog
Ein bunke med ferdigstrikka sjal strikka av lærar Gro. Foto: Synnøve Aarskog Ein bunke med ferdigstrikka sjal strikka av lærar Gro. Foto: Synnøve Aarskog
Marte Harestad viser fram eit ferdigstrikka sjal. Foto: Synnøve Aarskog Marte Harestad viser fram eit ferdigstrikka sjal. Foto: Synnøve Aarskog

I samband med ”open dag” på Fitjar vidaregåande skule, bestemte tekstillina ved design og handverk seg for å leiga inn nokre strikkemaskinar. Nokre av dei er lånt inn frå museumet, medan resten er lånt frå Ingjerd Monsen Hjelmeland. Desse strikkemaskinane skal dei no ha i to veker framover då dei skal strikka på ullsjal.

Tok bestillingar                               
Som god reklame, og for å visa litt av det dei held på med, strikkar dei difor sjal. Då det var ”open dag” i helga, tok dei i mot bestillinger, og dei skal no strikka ferdig dei opp i mot 50 bestillingene dei har fått. Dei fortel at folk ynskja å gje slike sjal i julegåve, og dei har difor mykje arbeid framfor seg i tida som kjem. Dei er glad for at dei har fått så mange bestillingar, då pengane skal gå til klassetur.

Flotte fargar
Dei som ville bestilla slike sjal, hadde mange valmoglegheiter. Du kunne sjølv få velja mellom mange flotte fargar, i tillegg til at det var tre ulike størrelsar. Einsfarga, fleire fargar, systematiske striper, varierte striper. Ja, du kunne få sjalet ditt akkurat slik du ynskja det.

Kjekt arbeid                
Elevane har ingenting i mot å sitja med dette arbeidet i to veker. Litt allmennfag skal dei òg ha innimellom. Dei kosar seg, og seier at det er kjekt å halda på med slikt arbeid. ”Men”, seier Jannike Maraas; ”dersom me gjer noko feil, og me må sitja å fiksa på feilen, då er det ikkje så kjekt.” ”Men det går som regel fint”, seier dei alle saman, og smiler.

Høyrer på musikk     
Strikkemaskinane er ikkje lydlause av seg, og difor er det heilt nødvendig å ha noko i øyrene. ”Me plar å høyre på musikk når me arbeidar, då får me ikkje vondt i hovudet,” seier Marte Harestad. Ho held på med ei av bestillingane. Etter at ho er ferdig med sjølve strikkinga, fortel ho vidare at sjalet må dampast. ”Då brukar me dampstrykejern og etter at me har gjort dette, er sjala mjuke i tillegg til at det er fint stroke.

No er det klart for bruk, eller som ei flott julegåve.

Lure teknikkar                      
Til slutt visar dei meg noko dei kan gjera for å unngå at noko gale skal skje. Dei heng lodd på strikketøyet, og dei må alltid hugse på å strame tråden godt. Det har skjedd ei ulukke, og Stine Vaage viser meg feilen, før eg må gå. ”Det er ikkje lenge til eg har fiksa det, så no kan eg snart strikka vidare,” seier ho. Eg takkar for meg, og gledar meg til eg skal få sjalet som eg har bestilt.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
2443.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje 17. mai kl 11.00
Fitjar Sommarguide 2012 - Fotokonkurranse
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 20. mai