Det er driftsansvarleg for Fitjar Idrettspark, Geir Tore Søreide, som seier dette til Fitjarposten, etter å ha komme over ein haug med skrot ved leikeplassen til Bakken Vel.

I det siste har det samla seg meir og meir søppel på det kommunale idrettsanlegget, mellom lagerbygget og leikeplassen til Bakken Vel. Her har folk kasta frå seg hageavfall, gamle møblar, bygningsmaterialar og mykje annan drit.

Geir Tore Søreide seier det er lite kjekt å ha ein dumpingplass på eit idrettsanlegg. Han oppmodar på det sterkaste om å kjøra søppelet dit det høyrer heime. – Vegen til SIM er ikkje så lang, seier han, og bort frå idrettsanlegget må det snarast!

- Annonse -