Torsdag 18. Januar 2018


Huer mot mobbing

Alle femte-klassingane på Rimbareid skule og lærarane deira har fått kvar si flotte Mot mobbing-hue.

- Kule huer, seier 5. klassingane som overraksande fekk kvar si heimestrikka hue ein dag på skulen, heilt gratis.

- Det må ha vore litt av ein jobb å laga dei, seier Håvard. Han meiner han ikkje hadde klart å laga ei ein gong, og her har ei glad strikkedame laga langt over 30 huer.

I desse lusetider er det viktig at ingen låner kvarandre sine hovudplagg eller tar feil hue, så alle huene er ulike.

- Me trekte kvar vår hue frå ein pose, forklarer Mailinn frå 5b.

 - Ja, det var ein guta-pose og ein jente-pose, supplerer Anders som vart den heldige eigaren av ei grå hue med turkis skrift.

- Og tenk, alle huene passa, seier Carina, - og alle var fornøgd med den hua dei fekk, berre at eg bytta med ei venninne slik at eg fekk den lilla hua som passar så godt til jakken  min.

Overalt i Noregs land sit det strikkeglade damer og lagar huer til elevar og lærarar for å understreka at me ikkje vil ha mobbing. På Fitjar er det i første omgang femteklassingane på Rimbareid skule som har fått huer. Over femti nøste med tråd har gått med for å laga huene til dei 32 femteklassingane og lærarane deira. Og mange timar med strikking ligg bak. Strikkaren, som sjølv har elevar på Rimbareid skule, vil ikkje ha noko merksemd om seg sjølv, men ynskjer stort fokus på bodskapen om at ein må jobba mot mobbing. Oppskrifta til huene finn ein mange ulike stader på internett, og eit raskt søk på nettet syner at mange har plukka opp ideen om å strikka Mot mobbing-huer. I følgje NRK Hedmark og Oppland var det Helene Haugerud som først fekk ideen og starta strikkinga av dei populære huene, fordi ho ynskjer at ein skal snakka meir om  mobbing. 

-Dette var ei fantastisk gåve som me set stor pris på, seier Anne Helene S. Vestbøstad som er kontaktlærar for 5b. Ho fortel vidare at dette er med på å setta fokus på eit viktig og aktuelt tema. Huene blir ein "snakkis" blant elevane og foreldra, og slik blir det viktige temaet "Mot mobbing" eit samtaletema.

Om andre vil strikka Mot mobbing-huer finn ein oppskrifta mellom anna på facebook-sida  Mot mobbing.

 

 

 

 

 

 

 

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...
annonse
annonse

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...
annonse

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...