Sundag 21. Januar 2018


Master på vind

Fitjarjenta Marthe Laureen Helland avslutta i vår masterstudiet sitt på Ås med oppgåva ”Sumvirkninger på landskap ved planlegging av vindkraft – En utfordring for norsk landskapsplanlegging.”

Marthe Laureen Helland (26), som starta si landskapsarkitektutdanning med grunnkurs i teikning, form og farge ved Fitjar vidaregåande skule, er no ferdig utdanna Landskapsarkitekt, med arealplanlegging i samband med vindkraft som spesialisering. Ho har studert fem år ved Ås, Universitetet for miljø og biovitenskap, og har brukte det siste halve året til å skriva masteroppgåve om sumverknader på landskap i samband med planlegging av vindkraftverk. Oppgåva tar ikkje stilling til for eller imot vindkraft, om det er bra eller ikkje, men tek for seg gjennomføring av utredingar av sumverknader på landskapet i samband med planlegging av vindkraft. Sumverknader handlar om å sjå verknader frå fleire vindparkar i eit større landsskapsbilete. Marte sitt fokus var korleis den lovpålagde utredinga har vorte ivareteken og kvifor det er vanskeleg å få gjennomført slike utredingar. Kort sagt vart konklusjonen hennar at dette kravet ikkje vert ivareteke godt nok og at dette er fordi det mellom anna manglar kunnskap om, og metodikk for, utreding av sumverknadene. Krava om utreding finnes i lova men er lite ivareteke i praksis, fann Marthe ut, og meiner at det mellom anna det trengs ei politisk avklaring på korleis ein skal få gjennomført lovpålegget.

Temaet for oppgåva var vanskeleg og utfordrande, men Marthe føler ho fekk igjen for å våga seg ut på det vanskelege emnet. Ho fekk toppkarakter, og på trass av at oppgåva kan oppfattast som kritikk til NVE sitt arbeid har ho no fått sommarjobb hos nettopp NVE.

Vindparken på Fitjar tar ikkje Marthe stilling til, og den var heller ikkje utgangspunktet for at ho valde vindkraft som fordjuping, men ho har satt stor pris på bileta ho har fått frå parken av Inger Marie og Stein Erik Gilje. Desse bileta har ho brukt som illustrasjonar i oppgåva si, og dette fekk ho ekstra skryt for.

Universitetet kjem til å leggja heile oppgåva ut på nettet, og Marthe, som med denne oppgåva og er nomiert til statsbygg sin pris for framragande landskapsarkitektur, er spend på korleis hennar konklusjonar vert mottekne når dei vert allement tilgjengelege.

Marthe har blitt byjenta, men er glad i Fitjar og ferierer gjerne her. Eg traff ho då ho var ein snartur innom barndomsheimen i Engavikjo. Ho snakkar varmt om Fitjar og sommarøya Stord, men reknar med at ho blir verande i Oslo. Etter at sommarjobben er slutt håpar ho at ho kanskje får fortsetta å jobba hos NVE. Elles reknar ho med å få anna landskapsarkitekt-jobb i Oslo-området. Ho synes ho jobbar innan eit spennande felt og ser lyst på framtida.

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...