Laurdag 25. November 2017


Kjærleik til norsk mat

Hordland bondelag inviterte til matpolitisk debatt på Stord i helga. Dei frammøtte, deriblandt nokre frå Fitjar, fekk møta politiske listetoppar og høyra deira syn på landbruket.

Hordaland bondelag hadde årsmøtet sitt på Stord i helga, og det var i samband med det at dei inviterte til open debatt om norsk matpolitikk.

BT-journalist Sjur Holsen har hatt gåande ein artikkelserie i BT om matkrisa i verda, som bl.a handlar om at ein produserer for lite mat i verda i dag. Det er eit matgap avdi den globale etterspørselen etter mat er større enn jordbruksavlingane i verda, og dette gapet vil verta stadig større i framtida. Han sa vidare at dette er bonden sin store sjanse, og innleia med det debatten.

5 politiske toppkandidatar frå Hordaland var med på debatten, som bar preg av lange innlegg og ein kort debatt. Politikarane som deltok var: Kjersti Toppe (Senterpartiet), Laila Dåvøy (Kristeleg folkeparti), Lars-Henrik Paarup Michelsen (Venstre), Gjermund Hagesæter (Framstegspartiet) og Øyvind Halleraker (Høgre). Arbeidarpartiet og Sv hadde ikkje høve til å delta. Debatten var open for alle, men bortsett frå årsmøtedeltakarane var det få folk i salen, men nokre frå Fitjar hadde funne vegen hit på tross av at dette var midt i arbeidstida og det var ein flott vårdag. 

Ein må sjå på matvarekrisa som ein moglegheit for det norske landbruket. Krisa har fått stor merksemd, og klimautfordringar og "back to basic"-tanken (matvaresikkerheit) bør vera til det gode for norsk landbruk. Serien i BT har fått enorm respons, og det tyder på at dette er noko folk er opptekne av, og bør oppmuntra Bondelaget til å kommunisera på nye måtar. Holsen poengterte at det er ein kamp om hjarta. Kjærleiken til norsk mat var og noko som prega heile debatten.  

Alle politikarane var nesten krampaktivt opptekne av å visa kjennskap og tilknytting til livet på garden, og alle sa at dei meiner at matpolitikk var svært viktig. Det viste dei og ved å prioritera det å delta her, eller dei viste med dette at bøndene er ei viktig veljargruppe. Men det var ingen av dei som hadde dette som sitt hovudfelt, og det viste igjen i deira litt manglande engasjement, på tross av svært  mange ord og fine tankar.

Halleraker frå Høgre var mest oppteken av rammene for landbruket, og då bl.a det med at dei som driv som bønder skal få større anledning til å eiga det arealet dei driv på. Han er bekymra for alle leigebøndene. Han  meiner Noreg treng heiltidsbonden og eit aktivt landbruk over heile landet, og det er viktig at ein opprettheld norsk matproduksjon og dyrka mark. Buplikt og priskontroll er til skade for næringa, hevdar Høgre. Dei foreslår å redusera overføringane med 2 milliardar, men peikar på at Frp ynskjer å redusera overføringane med 7 milliardar.

Framstegspartiet, her representert ved Hagesæter, sa at dei og er opptekne av å oppretthalda grunnlaget for landbruk over heile landet, og fokuserer på trygg mat med høg kvalitet. Dei krev ei modernisering av det norske landbruket og meiner at den politikken som har vore ført på dette området har vore misslukka. Dei ser positivt på deling, då dei meiner at det gjer det enklare å skapa verdiar. Samstundes som dei ynskjer at Noreg skal sikra mat til eiga befolking over heile landet, ynskjer dei at dette skal styrast av markedsøkonomi, og dei ynskjer ikkje å gå inn og detaljstyra. Dei meiner landbruket i Hordland er i ei uheldig utvikling som resultat av misslukka landbrukspolitikk og at ein må tenkja nytt og gjerne leggja opp til samarbeid f.eks med reiselivsnæringa. Dei er oppteken av større fridom, nisjeprodukt, bedre samarbeid og at ein førebur seg til ein framtidig WTO-avtale.

Laila Dåvøy frå Kristeleg folkeparti var og oppteken av det norske landbruket og sa ho var begeistra for det. Ho fekk og sagt at dei skal ta opp norsk  landbrukspolitikk på årsmøtet dei skal ha i mai. Me har ansvar for å sikra eigen mat i landet vårt, og ein må vidareutvikla landbruket over heile landet, og i Hordaland. Ein kan ikkje byggja ned norsk matjord, ein må handla og tenkja langsiktig, og ein må vera innstilt på at det kjem til å kosta for samfunnet. Krf ynskjer å oppretthalda det regelverket me har i dag, slik som f.eks. buplikt, og reglande bør praktiserast likt over heile landet. I Hordland bør ein sikra bedre jordvern. Ho trakk fram ordninga "Inn på tunet" som spesielt flott.

Dette er svært vanskeleg, opna Lars-Henrik Paarup Michelsen frå Venstre sitt innlegg med. Matproduksjon er viktig, og retten til mat er ein menneskerett og staten sitt ansvar. Vidare var han oppteken av det globale bildet. Han ynskjer landbruk over heile landet, som produserer god mat, og han ynskjer at dyktige bønder skal gjes innteksmulighet til å kunna driva. Ulike kombinasjonar er positivt og naturleg. Venstre meiner at ein skal bevara dagens nivå på overføringar, men ynskjer ein politkk som kan møta dei globale utfordringane.

Den siste politikaren på talarstolen var Kjersti Toppe frå Senterpartiet. Ho starta med å sei at matpolitikk er viktig og at ein har store klimautfordringar. Ein treng langsiktige og forutsigbare rammer. Ein må sikra lønnsemd i næringa, for ein kan ikkje driva landbruk av berre godleik. Senterpartiet ynskjer å sikra landbruk i heile landet, som produserer nok, rein, trygg og kortreist mat. Ho poengterte vidare at dei har teke opp kampen for landbruket i regjeringa, men dei er ikkje i mål enno.

Nils Bjørke frå Norges bondelag hadde og eit innlegg før sjølve dabatten tok til. Han var oppteken av at det med å tenkja målretta er lite forenleg med foreinklingar. Det taper vestlandsbonden på. Han har sut for samdriftene, og han poengterte at dei bøndene som er i midten når det gjeld driftsstorleik, og som har prøvd å utnytta gardane ved å driva med ulike ting er dei som har kome dårlegast ut.

Etter mange og lange innlegg var det lite tid til debatt, men publikum var ikkje vanskelege å be om  å koma med innspel og spørsmål til politikarane. Det vart berre så altfor lite tid til å få svar frå debattpanelet. Tema som kom opp var bl.a. tollvernet. Høgre meiner det er ein forutsetning for å produsera trygg mat i Noreg. Frp meiner at kvart land bør ha lov til å ha eit visst tollvern, men ikkje på det nivået me har i dag. Det vart og stilt spørsmål om korleis ein skal kunna overleva på nisjeproduksjon. Høgre svarde at nisjeproduksjon er flott men at ein må utnytta heile inntektsgrunnlaget. Frå salen vart det sagt at ein treng ein mengdeproduksjon i botnen. Det kom innspel om at ein bør premiera arbeidsinnsatsen, ein bør ha utdanna bønder og ein bør auka avløysartilskotet. Det vart nemd landskapspleiefond, kraftforprisar, odelslova, og det å sleppa fri prisane, og at det å kutta ut odelslova og samstundes sleppa fri prisan er ein kombinsajon som ber galt avgårde. Det vart nemd at kjærleik til norsk mat var det viktigaste.

Frp-politikaren som hadde sagt at han hadde ein bror som var bonde fekk spørsmål om broren var einig i Frp sin landbrukspolitikk. Då han svarde "For det meste..." braut det ut spontan latter i salen. Reidar Kloster frå Fitjar bondelag stilte Halleraker spørsmål om korleis det skulle gagna bonden, og kanskje spesielt hordalandsbonden, med frie prisar på landbrukseigedom. Han fekk eit litt defust svar om at politikarane må tenkja  på heile landet. Leigejord vert ikkje halden like godt som det ein eig. Halleråker poengterte at fordelinga mellom landsdelane er det de som styrer, det kan ikkje stortinget styra.

Sentrepartiet er oppteken av at me vert fleire nordmenn og for å oppretthalda sjølvforsyningsgraden må me auka produksjonen, og då må produksjonen på vestlandet og aukast. Dei ynskjer og å styrka avløysarordninga.

Me fekk langt frå svar på alle spørsmåla, men ein kan håpa at alle tar med seg debatten vidare, både politikarar og bønder. Dette høyrer heime i valkampen, og det kom ei oppfordring om at politikarana må hugsa på Hordaland.

Avsluttningsvis fekk journalist Holsen,  på vegne av BT, tildelt Bondevettprisen frå Norges bondelag. Prisen vert delt ut til nokon som har profilert norsk landbruk på ein ny og positiv måte. Holsen og BT har gjennom sin artikkelserie "matkrisen"  satt fokus på at bonden er vikitg!

Holsen avslutta debatten med å minna om den nye trenden ein trur er på veg, der bøndene vil få auka status, fordi det er dei som dekkjer eit av våre mest grunnleggjande behov, behovet for mat.

Lanserte Fitjarminne etter foredrag om R…

23.11.2017 Kjetil Rydland

Ein kry Magnar Kloster presenterer Fitjarminne 2017. Foto: Kjetil Rydland.   Lanserte Fitjarminne etter foredrag om Rolvsnesbåten Torsdag kveld kom Sindre Nilsen frå Urangsvåg for å halda foredrag om Rolvsnesbåten, før eldsjelene i Fitjar...

Les meir ...

Fitjarbutikkar med superprisar

23.11.2017 Håkon C

Fitjarbutikkar med superprisar Illustrasjon: Stockphoto Førstkomande fredag er Black Friday. Dagen då prisane på mange varer og i mange butikkar vert skrive kraftig ned. Slike supertilbod kjem og butikkar på Fitjar  med...

Les meir ...

Ønskjer seg ein plass for å skru bil

23.11.2017 Håkon C

Martin Budal vonar å finna ein plass på Fitjar der han skru på bilen sin. Foto: Håkon C. Hartvedt Ønskjer seg ein plass for å skru bil Martin Budal frå Bergen begynte...

Les meir ...
annonse

Ny reguleringsplan for Årskog Industriom…

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Mot nord. Foto: Harald Johan Sandvik. Ny reguleringsplan for Årskog Industriområde Planen som vert avløyst er frå 1982.

Les meir ...

Borgarleg vigsel i kommunestyresalen

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Borgarlege vigsler skal gjennomførast her i kommunestyresalen. Ordførar, varaordførar og rådmann har vigslingsmynde. Foto: Harald Johan Sandvik. Borgarleg vigsel i kommunestyresalen Lovendringa gjeld frå første januar.

Les meir ...

Ny rådmann i Fitjar!

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Olaug Haugen, den nye rådmannen i Fitjar. Foto: Vidar Karlsen, Tingvoll kommune. Ny rådmann i Fitjar! Olaug Haugen er formelt tilsett.

Les meir ...
annonse


Sterk livshistorie frå Fitjar i Sunnhord…

23.11.2017 Kjetil Rydland

Karin Korsvik med ei sterk livshistorie i Sunnhordland årbok 2017, som har fått tittelen "Lengten etter mor. Lengten etter far". Foto: Kjetil Rydland. Sterk livshistorie frå Fitjar i Sunnhordland årbok I år...

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no