Fredag 25. Mai 2018


Kvifor stigmatisere lærarstanden?

-Kvifor gløymer ein dei mange manglande stillingane i skulen, og heller snakkar om at undervisninga og lærarane må bli betre?  

Det er leiar for Utdanningsforbundet i Fitjar, Morten Thunestvedt, som stiller dette spørsmålet i eit lesarinnlegg til Fitjarposten.no.

 

-Ingen er usamde i at skulen treng gode lærarar. Men kva seier politikarane eigentleg når dei i alle debattar krev betre lærarar i skulen? Kva seier dei om dei lærarane som er i norsk skule i dag?

 

For meg er den underliggjande meininga heilt klar: Det er lærarane som er skuld i ”problema” i den norske skulen. Underforstått: Lærarane i skulen gjør ein for dårleg jobb - dei kan ikkje faget sitt. Eg kjenner meg ikkje att i den beskrivinga av norske lærarar.

 

Etter meir enn 20 år i skulen sit eg att med det inntrykket at lærarane er ei yrkesgruppe med stor fagkunnskap, høg arbeidsmoral og stor integritet. For meg er det uforståeleg at våre folkevalde har så liten respekt for ei yrkesgruppe som dei faktisk er sett til å styra, at dei i einkvar debatt kan stempla dei som for dårlege. Ja, det er slik eg tolkar det, skriv Thunestvedt og fortset:

 

-Eg høyrer ikkje at politikarane seier at problema i eldreomsorga, eller innan helse, kan løysast med at me må få betre sjukepleiarar, betre heimehjelparar eller betre legar. Det skulle nett berre mangla! Dei som arbeider hardt innan desse yrka gjer ein flott jobb. Men kvifor er det så lett å stigmatisera lærarstanden? , spør han.


Urovekkjande 

Thunestvedt meiner vidare at det er urovekkande at våre folkevalde heng ut ei heil yrkesgruppe og gjev dei ansvaret for at norsk skule ikkje har nådd opp til det nivået dei krev. Ved å undergrava respekten for lærarane, og den jobben dei skal gjera for samfunnet, oppnår ukloke politikarar det stikk motsette av det dei seier dei ynskjer.

 

Utfordringa hans til politikarane er at dei heller nyttar tid og krefter på å gi skulen tilhøve som set lærarane i stand til å utføra jobben sin, og ikkje einsidig stigmatiser ei heil yrkesgruppe som udugelege.

 

-Kanskje er løysinga på utfordringane innan helse, eldreomsorg og skule at vi treng færre politikarar og betre politikarar. Tygg litt på den! Men kva veit eg, eg er jo berre ein lærar?, seier han til slutt.

 

----

 

Heile innlegget til Thunestvedt kan du lese ved å klikke på lesarbrev under lesarane sine sider.

 

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...

Flagget til topps for folkeauke!

23.05.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med tommelen opp for folkeauken første kvartal i år. Foto: Kjetil Rydland. Flagget til topps for folkeauke! Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at Fitjar kommune har kome opp...

Les meir ...
annonse

Godvêr og mykje folk på friluftsgudstene…

22.05.2018 Kjetil Rydland

Nærmare 150 menneske samla seg etter kvart i skråninga nord for Kidnavatnet før Fridleif Lydersen sette i gang gudstenesta. Foto: Kjetil Rydland.  Godvêr og mykje folk på friluftsgudstenesta Over 150 soknebarn i alle...

Les meir ...

Glimt frå Handballfestivalen

20.05.2018 Kjetil Rydland

Tolvårslaget ståande bak med trenar Karen Elisabet R. Sæbø t.h. Framme ligg tre jenter frå elleveårslaget. Foto: Kjetil Rydland.  Glimt frå Handballfestivalen Fitjar har hatt seks lag i aktivitet under Handballfestivalen, og...

Les meir ...

Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...
annonse