Sundag 25. Februar 2018


Uvanleg lang godversperiode, men likevel god vassforsyning

Når det er så lite regn som til dessar denne sommaren, er det ein og annan som undrast  om det snart blir vatningsforbod.

Denne veka gjekk Stord kommune ut med oppmoding om å spare på vatnet. Det minkar i vassmagasina deira. Me har lese liknande åtvaringar i andre kommunar også.
Me tok ein snartur innom kundetorget for å få litt opplysningar om stoda i vår kommune. Der trefte me to hyggjelege damer , Kristin Meland og Bente Fitjar. Dei hadde ikkje høyrt om restriksjonar på vassbruk, men  sa at Gisle Vik er rette mann å kontakte i dette høvet. Han  har teknisk vakt denne veka. Gisle fortel at det har vore ganske stort forbruk av vatn i mange veker, og nemner om lag 20 liter pr.  sekund på dagtid, men det er ikkje naudsynleg med restriksjonar på vassbruken. Det er rikeleg å ta av  i Svartavatnet.  Gisle legg til at mykje hagevatning likevel kan føre til problem. Når mange vatnar, blir det mindre trykk, spesielt lengst ute på leidningsnettet og på høgaste punkt.  Alle bør ha dette i tankane og bruke vet  med omsyn til hagevatning, avsluttar Gisle Vik. Reservemagasinet som vart bygt i Tislavollsmarka for få år sidan er med på å oppretthalde eit brukande vasstrykk. 
I kundetorget fekk me elles vite at juli er ein roleg periode på dei fleste kontor. Alle skal jo ha sine ferieveker og dei som er på vakt hjelper kvarandre for å halde dei viktigaste funksjonane i gang. Det er lite telefonar og få kundar som kjem innom.  Aktuelle spørsmål som dukkar opp gjeld småting vedkomande byggjesaker  eller til dømes reguleringsplanar som er lagt ut. Einskilde turistar tek ein snartur innom for å spørje om eitt og anna. Dei får rettleiing, men vert og minna om turistinformasjonen  på Fjordhotellet.
Agnar Aarskog er ordførar medan Wenche Tislevoll har ferie, men han har ikkje fast kontortid.

Ingressbilete:Desse rosene har nok fått litt vatn i sommar. Foto Turid Sandvik

Vintereventyr i fjellet!

23.02.2018 Kjetil Rydland

Utsikt frå Mølle 1 nedover Blekjet. Foto: Kjetil Rydland.  Vintereventyr i fjellet! Det har vore reine eventyret i Fitjarfjellet dei siste dagane, og med dei siste vêrmeldingane kan me gå ei strålande...

Les meir ...

Gratulerer med dagen og lapppen!

23.02.2018 Kjetil Rydland

Marte Rimmereid, 18 år og nybakt sjåfør.  Gratulerer med dagen og lapppen!   Gratulerer så mykje med 18-årsdagen og lappen, Marte Rimmereid!

Les meir ...

Politirazzia mot familie i kyrkjeasyl på…

23.02.2018 Jonas Sætre

Politirazzia mot familie i kyrkjeasyl på Fitjar I dag tidleg vart den afghanske familien som har sete i kyrkjeasyl på Fitjar henta av politiet. Ordføraren i Fitjar reagerer med vantru.

Les meir ...
annonse

Rype i Fitjarfjellet!

22.02.2018 Kjetil Rydland

Tydelege spor etter lirype i hallinga aust for Mosavatnet og sør for Grønafjellet i går. Foto: Arne Devik.  Rype i Fitjarfjellet! Friluftsmannen Arne Devik fortel at han såg ein heil flokk ryper...

Les meir ...

Liv Kari Eskeland likte det ho såg på Fi…

22.02.2018 Kjetil Rydland

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett t.v. viser fisk i merdane i Masfjorden til Liv Kari Eskeland og ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland.  Liv Kari Eskeland likte det ho såg på...

Les meir ...

Ville ikkje innføra gebyr på faktura

21.02.2018 Harald Johan Sandvik

Ville ikkje innføra gebyr på faktura Trass i inntillinga frå rådmannen om å innføra gebyr på faktura sa politikarane nei. – Fleire vil framleis ha papirfaktura, sa Agnar Aarskog (Ap).

Les meir ...
annonse

Fitjarskyttarar på feltsamling

24.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjarskyttarane på standplass i dag. Foto: Privat.  Fitjarskyttarar på feltsamling Samlaget arrangerte i helga feltsamling på Kalland, skytebanen til Haugesund og Sveio, med fleire ivrige skyttarar frå Fitjar.

Les meir ...