Onsdag 21. Februar 2018


Friske geiter på Rydland

I dag har 38 små kje flytta inn i gamlefloren til Lars J. Rydland.

Fredag var Håkon Rydland Sæbø i Kvinnherad og henta heim 38 små, søte geitekillingar. Og han har brukt kvelden til å installera dei i gamlefloren til svigerfar, Lars J. Rydland. Hovudutfordringa i kveld har vore å læra dei små å drikka kumjølk. Kjea er berre ei veke gamle, og så langt har dei levd på morsmjølk heime i Kvinnherad. Men frå no av må dei klara seg med kumjølk frå Rydland Storfe, resten av livet. I gamlefloren skal dei bu i 8 veker, til dei blir leverte til slakt hos Nortura. Då vil dei vera rundt 10 kilo tunge, levande vekt, og slaktevekta blir rundt 5 kilo. Dei skal fôrast med vanleg kumjølk, ein liter per dag per dyr. Lars J. Rydland fortel at dette vil vera med på å hjelpa til at Rydland Storfe unngår overproduksjon i forhold til mjølkekvoten sin. Totalt vil geitene eta knapt to tonn mjølk, dei to månadene dei får leva, og dermed reknar bøndene med å treffa ganske godt på kvoten på 524 tonn, etter at dei har slakta nokre kyr.

Lars J. Rydland fortel at dei nyinnflytta geitene kjem frå ein besetning som er sanert for sjukdom. Dette skjer ved "snapping", dvs. at under kjeing snappar ein kjea med ein gong dei kjem ut av mors liv. Før dei kjem i kontakt med mora, morsmjølk eller golvet. Dette er ein krevjande jobb, men nødvendig av og til. For geiter er utsette for sjukdom, og på denne måten unngår dei at geitene overfører sjukdommane sine til avkommet.

Geitene på Rydland får altså ikkje noko langt liv, om to månader er dei slakta. Men fem-seks av dei har lysare utsikter. Håkon Rydland Sæbø fortel at han planlegg å setja på fem geiter og ein bukk. Han har kontoll på stamtavlene til kjea sine, og kan bruka den eine bukken som han plukkar ut, til å bedekka dei fem geitene, utan å risikera innavl. Dermed vil det igjen vera grabukk å treffa på Rydland til hausten.

Vil du ikkje drikka, så skal du! Det er ikkje første gongen Lars J. Rydland lærer små dyr å drikka. Foto: Kjetil Rydland.
Vil du ikkje drikka, så skal du! Det er ikkje første gongen Lars J. Rydland lærer små dyr å drikka. Foto: Kjetil Rydland.
 

 

Kjea er knapt ei veke gamle og svært yndige. Kven som skal bli grabukk, er ikkje avgjort enno. Foto: Kjetil Rydland.
Kjea er knapt ei veke gamle og svært yndige. Kven som skal bli grabukk, er ikkje avgjort enno. Foto: Kjetil Rydland.
 

 

Håkon Rydland Sæbø har laga til drikkepatent. Dottera Elisabet har god tru på at det vil fungera. Foto: Kjetil Rydland.
Håkon Rydland Sæbø har laga til drikkepatent. Dottera Elisabet har god tru på at det vil fungera. Foto: Kjetil Rydland.

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...
annonse

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. (Arkivfoto)  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita luke ned...

Les meir ...
annonse

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...