Fredag 25. Mai 2018


Jubelmesser

Då Fitjar bedehus inviterte til julemesse i dag vart det halde to messer fulle av jubel, og det kom inn over 100 000,- til drifta av huset.

Dagen starta med grautsal og åresal før det først var ei barnemesse med mykje jubel, liv og røre og så ei hovudmesse der jubelen gjekk litt meir stille for seg. Begge stader sat pengane laust hos dei frammøtte og styret for Fitjar bedehus kunne etter ein lang, hektisk dag gle seg over eit bruttoresultat på 119 000,-. Ein stor sum som syner at folk set pris på huset og aktivitetane der og at dei vil vera med å bidra til drifta av bedehuset. 

"Her er det plass til alle" opna Fitjar barnegospel barnemessa med. Det var så vidt det haldt i dag. Det var "stinn brakke" og hadde eit par personar til prest seg inn skal ein ikkje sjå vekk frå at dei hadde klart det, for her var det rikeleg med hjarterom, men om det hadde vore luft nok, det er ei anna sak. Lufta var varm og tett og stemninga  og lydnivået høgt, slik det brukar vera når mykje godtfolk og fleire generasjonar er samla. Korsong, loddsal, kaker, andakt, allsong, tippekonkurransar og sal av julebakst med meir var populære innslag, men mest populært av alt var gull-lottoen, der alle under 12 år var sikra gevinst. Nokre kunne smila bredt fleire gongar under åretrekkinga, men for andre var det gull-lottoen som var redninga og som gjorde at dei vil koma attende eit anna år.

Etter ein liten pause med utskifting av luft, rydding og fjelging, og koking av ny kaffi, var det tid for hovudmessa. Her var gjennomsnittsalderen betydeleg høgare, lydnivået betydeleg lågare og jubelen gjekk meir stille for seg enn på barnemessa, men gleda såg likevel ut til å vera like stor. Andaktshaldar Kjell Haaland snakka om nådens år, jubel-året og det var han som "fann opp" det så godt beskrivande utrykket Jubel-messe. Jubel for den gode bodskapen Jesus forkynte. Den bodskapen som og Olav J. Oma snakka om i sin andakt på barnemessa; Guds store kjærleik til menneska på jorda, slik ein kan lesa i Johannes 3,16. 

Damegruppa Prais Him berika messa med sin nydeleg song, både på norsk og engelsk. Songar som såg ut til å gå rett til hjarta på dei som sat benka rundt borda. Spesielt tolkinga deira av Stille natt var til stor glede både for øyra og hjarta og fungerte som balsam for sjela. Gode tonar å bære med seg inn i adventstida.

Bedehusstyret og bedehusforeininga, som stod for messene, stelte godt med dei frammøtte og det vart servert flott laurdagskveldsmat i form av flotte, gode smørbrød og kaker. 

To åreomgangar og trekkinga av lodd på diversebok og hovudbok høyrde sjølvsagt og med, og fleire av den yngre garde var meir enn ivrige hjelparar for dei vaksne damene med langt lengre fartstid som basararrangørar, og som fortener stor heider og ære for å stå på slik år etter år. 

Det vart ein lang, vellukka dag med mykje liv og glede på bedehuset, slik styret for huset ville ha det. Tidlegare leiar Sylvi R. Sørfonn takka alle som hadde bidrege til messa på ulikt vis. Ingenting gjere seg sjølv og her ligg det svært mykje dugnad bak.

For mange er det blitt ein fin og viktig tradisjon å starta adventstida med julemesse på bedehuset og for eigen del er eg no med Stille natt klingande i øyra og ein åregevinst med 24 luker i handa, klar for å telja ned til den store høgtida.

 Klar for å telja ned til jul..

Trekningsliste barneboka:
Lego: Samuel L. Sætre
Duplo: Isak Sandve Tvedt
Ball: Lena Hillestad
Kubb-spel: Susanne Sørfonn
Bok: Stine Husveg
Fotball: Fa. Sven Sørfonn
Togbane: Anja Bukkøy Rydland
Spillmagasin: Eli Vestbøstad
Junior Alias: Oline Rimmereid
Strikka jakke: Fam. Kristian Vestbøstad
Babysteppe: Aurora Skålevik
Sjakkspill: Jonas Stokken
Ukulele: Steffen Henriksen Sørfonn
Helikopter: Ingeborg Vestbøstad
Dokke m/kle: Magnhild og Kjell Turøy
Rosa ullbukse: Fam. Terje Eiken
Traktor: Ola Dalen

Trekningsliste hovudbok
Kvit duk: Fam. Sven Sørfonn
Lilla duk: Sarah og Benjamin Sætre
Spekeskinke: Annlaug og Harald Hovstad
Pinnekjøtt: Fam. Inger Lise og Tor Heldal
Pinnekjøtt: Bjørg Nesbø
Kakeboks: Ellen Karoline Hovstad
2 lyslykter: Irene Hamborg
Brødbake-maskin: Annbjørg Stjern Tvedt
Lykt: Gerd Marit og Svein Lunde
Middag for 2: Fam. Tore Vestbøstad
Brodert juleduk: Fam. Sylvi Sørfonn
2 panner: Fam. Hildegunn og Jostein Husveg
Proviantkasse: Annlaug Rimmereid
Dobbelt sengeteppe: Sigrunn og Trygve Eiken
Kaffiservise 12 stk: Fam. Sylvi Sørfonn
TV - flatskjerm: Gunn Marit Volden

 

 

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...

Flagget til topps for folkeauke!

23.05.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med tommelen opp for folkeauken første kvartal i år. Foto: Kjetil Rydland. Flagget til topps for folkeauke! Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at Fitjar kommune har kome opp...

Les meir ...
annonse

Godvêr og mykje folk på friluftsgudstene…

22.05.2018 Kjetil Rydland

Nærmare 150 menneske samla seg etter kvart i skråninga nord for Kidnavatnet før Fridleif Lydersen sette i gang gudstenesta. Foto: Kjetil Rydland.  Godvêr og mykje folk på friluftsgudstenesta Over 150 soknebarn i alle...

Les meir ...

Glimt frå Handballfestivalen

20.05.2018 Kjetil Rydland

Tolvårslaget ståande bak med trenar Karen Elisabet R. Sæbø t.h. Framme ligg tre jenter frå elleveårslaget. Foto: Kjetil Rydland.  Glimt frå Handballfestivalen Fitjar har hatt seks lag i aktivitet under Handballfestivalen, og...

Les meir ...

Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...
annonse