Tirsdag 21. November 2017


Fantastisk musikalframføring

Fitjar kulturskule si oppsetting av musikalen Balle Frost og leketøybandittene dreg mykje folk og er ei strålande flott oppleving frå ende til annan. 

Så langt har teaterelevar, korpsmusikantar og dansarar fylt kultursalen to gongar med si framføring av Ingvard Hovland og Jon Konrad Strøm sin musikal Balle Frost og leketøysbanditten. Ei framsyning står att, og den er vel verd å få med seg for alle og ein kvar. Her er det humor og spenning frå første til siste sekund og eg kan lova at dei fem kvartera framsyinga varer fyk av garde. 

(Denne meldinga baserer seg på den andre framsyninga, som var fredag kveld)

Dei yngste dansarane og dei yngste korpsmusikantane fekk æra av å opna showet med ein "dokke-rock-dans". Dette var utanom Hovland/Strøm sitt manus men var eit flott og sjarmerande startskot før dei skumle leketøysbandittane (Andrea Hollund og Frøydis Malkenes) inntok natta og scenen. To truverdige skikkelsar som braut seg inn i leketøysbutikken og stal alle leikene, inkludert dei flotte, søte og levande dokkene. Bandittane var passe skumle, men og morosame, og latteren runga ofte høgt i salen.

Det vart stor oppstandelse då leikebutikk-tjuveriet vert kjent i byen. Christina Tørner, kalla Tina (Thea Træet) og hennar venner (Celine Marie Borup, Jennifer Helland, Malin Vik, Silje Marie Kloster og Lena Grimen) bestemte seg for å ta kontakt med privatdetektiven Albert Frostad, kalla Balle Frost (Christina Koløen). Dei planla å laga ei felle for bandittane og arrangerte ein stor byfest med song, underhaldning og leiketøysutstilling. Ein flott fest med mykje glede, der alle deltok og der dei stilte ut både gamle og nye leiker. Då natta nok ein gong senka seg steig spenninga og mange sette seg heilt ytst på stolane for å sikra seg at dei fekk med seg alt. Fella var klar og Balle Frost låg på lur for å fanga bandittane, men det var lettare sagt enn gjort. Det var lite hjelp å henta hos den travle og gløymske politisjefen (Torstein Træet) og den humoristiske assistenten hans (Markus Kongestøl Vik), men med hjelp av tøffe Tina enda historia godt, og dei i salen som hadde levd seg godt inn i forteljinga utbraut eit rungande "Ja!" då detektiven og Tina fanga tjuvane. Ei tradisjonell historie med skumle bandittar, tøffe heltar og "happy ending", men sidan akkurat denne forteljinga stort sett var ukjend for publikum tok det ikkje vekk spenninga og drivet i musikalen.

Eit ekstra artig innslag var dei to gamle damene (Hedda Kongestøl og Ingrid Tveita) som stavra rynkete rundt med krum rygg og stokk. Her var det mykje humor både i figurane og replikkane, humor som kanskje først og fremst dei vaksne lo godt av. 

Gjengs for heile framsyninga var at her var det godt skodespel hos alle, uavhengig av rollestørrelse. Det var tydeleg tale, flott song, fantastisk mimikk og kroppsspråk. Og så må me ikkje gløyma alle dei flotte dansarane som glei så fint inn i songnummera, frå dei yngste levande dokkene til bandittar og kontordamer. 

Og så nærast heilt usynlege, men godt høyrbare, sat heile Fitjar skulekorps på oppbygd scene bak kulissane og hadde med sin flotte musikk heile kontrollen på framsyninga. Dei bar det heile og dei løfta verkeleg den musikalske beten av musikalen. Når det fungerer så godt var dette absolutt å føretrekka framfor singback over høgtalaranlegget. Elles må det og seiast at lyden fungerte bra under heile framsyninga og balansen mellom korps og songarar var god.

"Dette var drit-bra og dei var drit-gode" var den umiddelbare reaksjonen til ein 8-åring eg snakka med. Og same replikkane høyrde eg mange gongar på veg ut. Ikkje ord eg ville valt, men eg forstår kva dei meinte. "100 % bra" var det ein anna som sa, og det kan eg skriva under på.

Oppsettinga er eit samarbeid mellom Fitjar kulturskule, Fitjar skulekorps og Fitjar teaterlag. Jorunn G. Whittaker har hatt ansvar for koreografien og dansarane, lærar på visuelle kunstfag og teater Torill Berger Falk hadde ansvar for regien, dirigent for Fitjar skulekorps Svein Roger Koppang hadde det musikalske ansvaret og produsent var kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen. Og så skimta me songlærar Jonas Selås Olsen som overflødig sufflør på fremste rad. Dei flotte kulissane og rekvisittane var det elevane på visuelle kunstfag som har stått for. Samla var over 100 av kulturskulen sine elevar involvert i framsyninga.

Dette er den største framsyninga me har satt opp så langt, fortel kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen, og det er første gong heile skulekorpset er engasjert i ei slik oppsetting og står for alt det musikalske under framføringa. Det å inkludera så mange ulike kulturskuleelevar er krevjande, og rektoren seier at det å få til levande musikk på denne måten med korpset var ekstra stas og at det var veldig, veldig kjekt at samspelet  mellom korpset og songarane, som ikkje er skolerte songarar men dramaelevar, fungerte så fint. 

I tillegg til at musikken glei fint inn i framsyinga vil eg og trekka fram gode og raske sceneskift. Og om korpset tok stor del av scenen og gav skodespelarane mindre fysisk spelerom opplevdes det ikkje på noko tidspunkt stilleståande på scenen. Heller ikkje gjennom lange songinnslag vart scenebiletet stilleståande.

Det er krevjande å inkludera så mange ulike kulturskuleelevar og me veit at her ligg det svært mykje øving bak. Om slitne arrangørar synes prosessen og suksessen freistar til fleire liknande oppsettingar kjenner eg ikkje til, men det eg er viss på er at alle i salen syntes dette freista til gjentaking. Og skal ein tolka smila til dei pølseetande aktørane i foajeen etterpå gjentek dei gjerne suksessen.

Er du av dei som ikkje har fått med deg denne flotte oppsettinga er det ingen grunn til å sitta heime i kveld når siste framsyning går, gjer du det så vil eg sei du går glipp av noko stort.

Ingressbilete: Privatdetektiv Balle Frost (Christina Koløen) saman med flotte dansarar.

 

Heim med tre pokalar

19.11.2017 Helga Rimmereid

Under ferjeturen heim kunne Fitjar skulekorps jubla over gode resultat under årets Sotrafestival. Foto: Helga Rimmereid Heim med tre pokalar Fitjar skulekorps kom heim med heile tre pokalar etter korpskonkurransen Sotrafestivalen, laurdag...

Les meir ...

Vintercupen – haustens vakraste eventyr!

18.11.2017 Kjetil Rydland

Flagget opp for Vintercupen i ruskavêret på kunstgrasbanen. Foto: Kjetil Rydland.  Vintercupen – haustens vakraste eventyr! Fotballgruppa i Fitjar Idrettslag har avvikla den 26. vintercupen sidan starten i 1992, og endeleg fekk...

Les meir ...

Sindre Henriksen på pallen

18.11.2017 Håkon C

Skjermdump frå NRK. Sindre Henriksen på pallen I den forrykande verdscup-en på skeiser i Stavanger i helga med utruleg sterk norsk dominans kom og Sindre Henriksen på pallen.

Les meir ...
annonse
annonse

Tradisjonsrik julemesse

18.11.2017 Håkon C

Tradisjonsrik julemesse Leiar i Fitjar Husflidslag har mykje fint å ønskje velkomen til i Fitjartun. Foto: Håkon C. Hartvedt Dei held på tradisjonane Fitjar Husflidslag. Difor vart det ingen store overraskingar å...

Les meir ...

Utstilling i barndommens bygd

18.11.2017 Håkon C

Bjørn Bjørlykke orienterer om bileta. Foto: Håkon C. Hartvedt Utstilling i barndommens bygd Bjørn Bjørlykke voks opp i Fitjar, og budde her til far hans som var prest i bygda, flytta i...

Les meir ...

Tøffe tak i vintercupen

18.11.2017 Kjetil Rydland

Ole Bergesen har frose mykje til ære for Fitjar-fotballen, men her kan han til si store glede sjå at det nærmar seg gull for Bakken/Sentrum. Foto: Kjetil Rydland.  Tøffe tak i...

Les meir ...
annonse


Fitjar kyrkje – eit landemerke!

19.11.2017 Kjetil Rydland

Biskop Halvor Nordhaug i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kyrkje – eit landemerke! Fitjarkyrkja hausta mykje rosande omtale under jubileumsgudstenesta søndag føremiddag, då biskop Halvor Nordhaug gjesta kyrkja saman med fleire...

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no