Måndag 16. Juli 2018


Gudsteneste med dåp på kaien

Over 250 stykke feira gudsteneste og dåp i teltet på Larsenkaien søndag føremiddag.

Det var stu fullt i "revy-teltet" på kaien då klokka ringde inn til gudsteneste i samband med Fitjarfestivalen søndag føremiddag. Dei som ikkje fekk plass innanfor teltduken rigga seg til på utsida, og med godt lydanlegg fekk alle med seg både det som vart tala og sunge. At teltet framleis var på plass etter stormnatta var for mange eit under. Eit under teke hand om av ein dugnadsgjeng som først rigga teltet ned laurdag ettermiddag og så rigga det opp att tidleg søndag morgon.
-Takk at de ordna kyrkje til oss på kaien, helsa sokneprest Olav Johannes Oma dei "usynlege" arbeidarane, og så vart det feira gudsteneste i sjøkanten i det midlertidige kyrkjehuset, med blafrande talgaljos og teltveggar.

Det smilande dåpsbarnet, og heile hans festpynta fylgje, skapte ei ekstra feststemning over gudstenestefeiringa. Det same gjorde den fantastiske songen og musikken frå Fitjar ad hoc. Det var ei fryd å lytta til dei og det var ei stor glede å vera med i allsongen under deira leiing. At mange var samde i det kunne ein høyra på gleda og styrken i allsongen og alle komplimentane musikarane og songarane fekk etterpå.

Denne 9. søndagen i treeiningstida var det Jesu ord om å koma til han med dei tunge børene som var tema. Olav J. Oma la i preika si vekt på at dei Jesus ber koma til seg er dei som slit, noko han rekna med alle gjer. Han peika på at Jesus vil ha deg slik du er, og at Jesus bar sjølv den tyngste børa, for oss.

Etter ein knapp time i teltet vart kyrkjelyden sendt ut og heim med orda frå  Eirik Byes Hildringstimen, nydeleg framført av Martin Hatlevik. Så sprang ungane i full fart rett til fiskekaret, dei vaksne rusla roleg ut og slo av ein prat her og der, og blomar og hav vart signa med restane av dåpsvatnet.

Ingressbilete: Dåpsbarnet Lars Eivind Instefjord Gilje, omkransa av prest, klokkar, foreldre og fadrar, vert presentert for kyrkjelyden. Foto: Helga Rimmereid

 

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...

Torstein med «Team Yaristan» til Mongoli…

13.07.2018 Kjetil Rydland

Torstein Søreide Skogedal og kameratane Ludvig Nielsen og Sven Hove ved avreisa frå Oslo i dag. Foto: Privat. Torstein med «Team Yaristan» til Mongolia! Saman med to kompisar sette Torstein Søreide Skogedal...

Les meir ...

Skittsak for Kulturhuset!

13.07.2018 Kjetil Rydland

Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.  Skittsak for Kulturhuset! Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og...

Les meir ...
annonse
annonse

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No…

12.07.2018 Jonas Sætre

Karina fekk MS-behandling i Moskva: – No ser eg veldig lyst på framtida og på livet For snart to år sidan fekk Karina Haaland frå Fitjar beskjeden om at ho fekk...

Les meir ...

Hurtigbåt til Tysnesfest

11.07.2018 Kjetil Rydland

Til helga kan du reisa på Tysnesfest, fram og tilbake, med snøggbåt. Foto: Tysnesfest Hurtigbåt til Tysnesfest Førstkomande laurdag går det snøggbåt frå Leirvik, Rubbestadneset og Fitjar til Våge i høve Tysnesfest.

Les meir ...

Fitjar billigast i Hordaland!

11.07.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll kan smila når ho ser desse tala frå Huseiernes Landsforbund. Foto: FP-arkiv/HCH. Fitjar billigast i Hordaland! Fitjar kommune er aller billigast i Hordaland på eigedomsskatt og kommunale avgifter til...

Les meir ...
annonse

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...
annonse