Torsdag 23. November 2017


Opna med mjuk visesong

Göran Fristorp opna årets Fitjarfestival med svensk, fløyelsmjuk visesong, i ei fullsett Fitjar kyrkje.

Takk for ein nydeleg konsert, smilte damene mot den svenske sjarmøren, i det dei sikra seg ein signert CD etter konserten. Flott og variert, betre enn forventa, fantastisk gitarspel og flott avslutting, var nokre av superlativa som bobla ut av publikum på veg ut frå kyrkja etter ein god time med svensk visesong, ei salme, ein vals, musikal-musikk, Evert Taube-viser, og ein svensktopp-låt frå 70-talet.

Med opp mot 250 frammøtte var det ganske så fullt i kyrkja under den første av mange konsertar som vert arrangert under Fitjarfestivalen 2014. Opningskonserten var eit samarbeid mellom festivalkomiteen og temakveld-komiteen i kyrkja. Fristorp er ein godt vaksen mann og appellerte då og til eit vakse publikum, og det var eit visst sølvglitter i mange av hårmankane bortover i benkeradene. Men med ein musikkglad tenåring som var like fornøgd med konserten som både mor og mormor var, vart snittalderen dratt godt nedover.

Av mange fine songar og flotte framføringar la underteikna merke til at publikum likte ekstra godt Everytime we say godbye, Bring him home frå Les Miserables, Claptons Tears in heaven, salmen Dagen är nära og sist, men ikkje minst, ekstranummeret Men går jag över ängarna, som fekk publikum til å bryta ut i spontan applaus etter berre fire tonar.

Tonane var mjuke, reine og fine, formidlinga og uttrykket godt og ekte, men mest av alt vart me imponert over det fantastiske gitarspelet, som kom til sin rett ikkje berre som ekstra flott gitarakkompagnement til songen, men og gjennom lange, flotte forspel, mellomspel og etterspel. Og me seier som representanten for temakveld-gruppa, Benedikte Meyer sa; om artisten sjølv sakna fleire musikarar, eit orkester eller eit heilt symfoniorkester bak seg, så var det ingen i Fitjar kyrkje som sakna noko denne kvelden, Göran Fristorp og gitaren åleine var så absolutt godt nok for oss!

 

 

Lærarane er urolege over budsjettforslag…

22.11.2017 Kjetil Rydland

Katrin I. Ankervold og lærarane i Fitjar er urolege over utviklinga i skulen om budsjettforslaget går gjennom. Foto: Kjetil Rydland. Lærarane er urolege over budsjettforslaget  – I år er det faktisk langt...

Les meir ...

Brøyten måtte til

22.11.2017 Håkon C

Brøyten måtte til «Brøyten» i gang i dag tidleg. Foto: Håkon C. Hartvedt Då me såg ut kontorvindauget til fitjarposten.no rundt kl 07:45 i dag var brøyten i gang med å fjerna...

Les meir ...

Frivilligprisen til Fitjar Idrettslag

22.11.2017 Håkon C

Illustrasjonsfoto: Fotballgruppa er den største gruppa i Fitjar Idrettslag. Foto: FP-arkiv/HCH Frivilligprisen til Fitjar Idrettslag Fitjar Idrettslag blir tildelt frivilligprisen 2017, og styreleiar Gisle Levåg er strålande fornøgd.

Les meir ...
annonse

Sogekveld med Fitjarminne 2017

21.11.2017 Kjetil Rydland

Magnar Kloster med Fitjarminne 2016 under lanseringa i november i fjor. Arkivfoto Fitjarposten/KR.  Sogekveld med Fitjarminne 2017 Sogelaget ber inn til sogekveld førstkomande torsdag på Seniorsenteret, og då kan du få tak...

Les meir ...

Gapahuken ferdig!

20.11.2017 Kjetil Rydland

Gapahuken er ferdig, og dugnadsleiar Toralv Røen kan by ordførar Wenche Tislevoll på ein kopp kaffi. Foto: Privat.  Gapahuken ferdig! I dag har det vore dugnad på gapahuken ved Kidnavatnet, og no er han...

Les meir ...

Fitjar kyrkje – eit landemerke!

19.11.2017 Kjetil Rydland

Biskop Halvor Nordhaug i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kyrkje – eit landemerke! Fitjarkyrkja hausta mykje rosande omtale under jubileumsgudstenesta søndag føremiddag, då biskop Halvor Nordhaug gjesta kyrkja saman med fleire...

Les meir ...
annonse


Ny rådmann i Fitjar!

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Olaug Haugen, den nye rådmannen i Fitjar. Foto: Vidar Karlsen, Tingvoll kommune. Ny rådmann i Fitjar! Olaug Haugen er formelt tilsett.

Les meir ...
Lansering av Fitjar minne 2017 - Fitjar sogelag 23. november kl. 18
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no