Tirsdag 22. Mai 2018


Sølvmedalje toppa kjekk sommartur

Stor speleglede, godt samspel og grundig musikalsk arbeid både før og under årets sommartur gav Fitjar skulekorps ein god 2. plass under NM for skulekorps i Trondheim i juni.

Årets sommartur starta tøft for dei unge musikantane i Fitjar skulekorps, med avreise frå Sandvikvåg kl. 02.00 og flyavgang kl. 06.30 frå Flesland ein torsdags morgon. Vel framme i Trondheim, der årets NM gjekk av stabelen, vart turfylgjet på omkring 50 stykke innkvartert på Eberg skule. På flatsenger med knirkande luftmadrasser, i ope skulelandskap med totalt 200 sovande musikantar, derav nokre som sov veldig godt, kom ikkje søvnen like naturleg for alle.

På tross av søvn-utfordringane takla musikantane NM-nervane og spelinga svært godt. At dei var trygge på scenen og trygge på at alt sat som spikra gav ei god framføring, sjølv om det kanskje ikkje var den aller beste gjennomkøyringa dei har hatt av konkurransenummeret The dark side of the moon. Mange hadde møtt opp for å høyra gjengen frå Fitjar spela, og korpset hausta stor applaus, ikkje berre frå eigne supporterar men og frå dei andre musikkinteresserte i salen. Domarane let og vel og plasserte korpset på ein god 2. plass med 92 poeng, eit halvt poeng framfor Hellen og Krohnengen skoles musikkorps og 3 poeng bak Skodvin skulemusikk, som vann 2. divisjon brass med heile 95 poeng. Korpset fekk mellom anna skryt for god dynamikk, bra balanse og fint driv. Bassrekka, paukene og kornettsolist Ingvild Prestbø fekk ekstra ros.  

Dirigent Svein Roger Koppang er stolt av musikantane som har jobba så godt fram mot NM, som syner ei så fantastisk utvikling og som drog i hamn eit så flott resultat
- Hardt arbeid lønner seg og musikantane i Fitjar er utrolig disiplinerte, uttaler den målbevisste dirigenten.

I Trondheim vart korpset møtt av eit velfungerande og flott festivalarrangement som baud på mange gode opplevingar. Dei fire aspirantane frå Fitjar skulekorps som var med på turen fekk med seg eit svært kjekt og inspirerande aspirantseminar saman med The Brazz Brothers. Seminaret vart avslutta med konsertframføring på torget saman med omkring 150 andre aspirantar. Dette vart ei stor musikalsk oppleving for dei unge messingblåsarane og foreldra skryt over NMF som la til rettes for eit opplegg som gav ungane deira både oppleving av stor meistring og musikkglede. På torget skjedde det og andre kjekke ting som opningsarrangement med mellom anna The Brazz Brothers og Frode Alnæs, festkonsert med premieutdeling leia av NRK-profilen Per Olav Alvestad og oppmarsj med fellesnummer med over 8000 musikantar i samspel.

Det var mykje spennande å få med seg i Trondheim og musikantane nytta fritida si på den fem dagars lange turen på ulikt vis. Ein del brukte mykje tid på å støtta handelsstanden i byen, medan andre fekk med seg Nidarosdomen, ulike konsertar, kjøpte laurdagsgodt på Nidar sitt fabrikkutsal, bada i Pirbadet, utforska Vitensenteret, var på kino, bowla, fekk omvising på Lerkendal m.m. Og får å få med seg alt dette vart det mykje rutebusskøyring på alle saman.

NM-arrangementet, som i år var ei storstilt feiring av korpsrørsla i samband med grunnlovsjubileet, vart avslutta med storslagen Tattoo på Lerkendal stadion med Ole Edvard Antonsen og Hans Majestet kongens garde som dei største trekkplastera. Ei flott framvising som for mange av Fitjarmusikantane var eit av høgdepunkta på turen, saman med det å delta i NM-konkurransen og å kunne reisa heim med ein flott 2. plass i bagasjen.

Ingressbilete: Fitjar skulekorps, med dirigent Svein Roger Koppang, på scenen i Olavshallen. Foto: Helga Rimmereid

Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...
annonse

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...
annonse

Glimt frå Handballfestivalen

20.05.2018 Kjetil Rydland

Tolvårslaget ståande bak med trenar Karen Elisabet R. Sæbø t.h. Framme ligg tre jenter frå elleveårslaget. Foto: Kjetil Rydland.  Glimt frå Handballfestivalen Fitjar har hatt seks lag i aktivitet under Handballfestivalen, og...

Les meir ...
annonse