Fredag 23. Februar 2018


Speleglede

Trass i at det er verds-meisterskap i fotball var det ikkje finspel med ball og Ronaldo, men messing, som stod i sentrum i revyteltet laurdag.

Fitjar Fjordhotell, Fitjar skulekorps med aspirantar og Fitjar musikklag tromma laurdag fitjarbuar og andre interesserte  til ein kjekk konsert med noko attåt. Mange hadde funne vegen for å sjå og høyra det levande messingblåsarmiljøet som finst i bygda. Skulekorpset har i fleire år gått frå høgdepunkt til høgdepunkt, og denne dagen framførte dei nok ein gong musikk til å bli glad av. Dirigent Svein Roger Koppang fortalte at trass i at oppkjøringsperioden til NM var i full gang, var dagens repertoar noko på sida av det. Korpset viste òg nokre av ressursane dei har i gruppa, med soloprestasjonar og generell velklang. Også aspirantane, med erfaring frå august i fjor haust, spelte av hjartans lyst. Koppang var full av lovord for posisjonen korpset har i bygda, noko rekrutteringa viser. Nesten før framstøyta for å få fleire med i korpset har starta, står seks nye born klare til å bli musikantar.

Med energisk speling av musikklaget som avslutning på konserten er det ingen tvil om at messingblåsarane på alle nivå i Fitjar jobbar godt, noko konserten vitnar om. Det var nesten som om vaflene var overflødige.

Undervegs var det også ein auksjon av gamle instrument frå både skulekorpset og musikklaget sine lager. Det blei, etter ein litt treig start, tilløpt til bodkrig og auskjonariusane Harald Rydland og Ole Christian Ottestad tok nesten alle middel i bruk for å løysa opp smilebanda og pengepungane. Likevel var det meir enn akseptabel kilopris på for dei som fekk tilslaga.

Ville ikkje innføra gebyr på faktura

21.02.2018 Harald Johan Sandvik

Ville ikkje innføra gebyr på faktura Trass i inntillinga frå rådmannen om å innføra gebyr på faktura sa politikarane nei. – Fleire vil framleis ha papirfaktura, sa Agnar Aarskog (Ap).

Les meir ...

OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...

Fjellsameiga ventar med vidare dyrking p…

21.02.2018 Kjetil Rydland

Her set Helga Rimmereid i Fitjar fjellsameige gravemaskinskuffa i den gode jorda på Blekjet, i byrjinga av oktober 2016. Foto: FP-arkiv/KR. Fjellsameiga ventar med vidare dyrking på Blekjet Sluttrapporten etter forprosjektet på Blekjet viser...

Les meir ...
annonse

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...
annonse